Biskop Ingeborg Midtømme har vore på Herøy-visitas. Der har ho møtt ein aktiv kyrkjelyd med engasjerte folk i alle ledd. Og så dukka naturlegvis saka om Jens prest opp. På visitasmøtet etter gudstenesta tok folk frå kyrkjelyden opp spørsmålet rundt Jens Terje Johnsen. Konkret vart det etterlyst bruk av Johnsen sine tenester ved vikaroppdrag, om ikkje han kan utføre desse til liks med andre pensjonerte prestar.

Svaret frå biskopen var verken negativt eller vagt. Tvert imot var det heilt tydeleg. Biskopen kunne fortelje at ein no har lagt det vanskelege bak seg, at alle pensjonerte prestar frå no blir «tekne inn i varmen». Også Jens Terje Johnsen.

No gjenstår det å setje ord ut i handling. Enkelte fryktar kanskje at lovnaden frå biskopen berre er eit spel for galleriet, og at Johnsen likevel ikkje kjem til å bli spurt om å halde gudsteneste. Basert på tidlegare historikk i denne saka kan ein skjøne at enkelte er skeptiske.

Men ein lovnad er ein lovnad, ikkje minst når ein ser på kven som er avsendar. Signala frå biskopen må tolkast meir som eit pålegg enn ei antyding. Om den betente striden no kan få ei form for verdig avslutting, ved at gamlepresten Johnsen blir «med på laget igjen» – at folk kan ta kvarandre i handa og sjå framover – ville vere eit framsteg av finaste sort.