Sist fredag skreiv vi om vanskane aukande tal grågås fører til for dei som driv landbruk. På garden til Terje Follestad er det til dømes «alltid» grågås, gjekk det fram av ein artikkel.

Bonden er no i dialog med Arne Follestad i Norsk institutt for naturforsking (NINA), som har gåande eit nyt forvaltingsprosjekt på Kvitsøy.

Tek ut eldre gjæser

I eit notat frå NINA til fleire offentlege instansar vert det streka under at skadefelling har som føremål å jage eller skremme vekk gjæser som gjer skade på dyrka mark.

Resultat frå Kvitsøy syner at fellingar tidleg om våren i stor grad tek ut eldre gjæser. Dette er også dei mest potensielle hekkefuglane, og dermed kan ein redusere den lokale hekkebestanden i vesentleg grad.

Eit døme frå Møre og Romsdal syner at bestanden gjennom slik målretta uttak av eldre gjæser, har redusert bestanden frå 180 kull på det meste, til 20 kull i fjor.

– Om gjæser vert felte rett etter at dei kjem om våren, tek ein hovudsakleg ut potensielle hekkefuglar. Ikkje ungfuglar, konkluderer NINA i rapporten.