Fort gjort å bygge – lang tid å avslutte

Å få bygd vegen, tok ikkje lange tida. Det same kan derimot ikkje seiast om den økonomiske avsluttinga av vegprosjektet.

Smålegane  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Vegen det gjeld er vegen Smålegane i Bergslia i Fosnavåg. Denne vegstubben blei bygd i 2007 og 2008, men fyrst ti år seinare får dei som løyvde pengane no vite korleis det gjekk økonomisk med prosjektet.

Ein må seie seg lei for at det har teke så lang tid før ein har fått fram sak om økonomisk avslutting, skriv rådmannen i saka om den økonomiske avsluttinga av vegprosjektet som blir framlagt for formannskapet tysdag.

Det saksutgreiinga ikkje seier noko om, er korleis pengane som blei til overs har blitt nytta. Vegen blei nemleg nær 600.000 kroner billegare enn finansiert, men ifylgje rådmannen er prosjektet så gammalt at der ikkje ligg noko restløyving i rekneskapen.

Mindreforbruket må såleis berre takast til vitande, og ein antar at mindreforbruket her mest sannsynleg har gått til å finansiere prosjekt med meirforbruk, skriv han.

Det er fyrst dei to-tre siste åra at ein har vidareført unytta løyvingar frå eit år til eit anna.