Heilt sidan 1971 har grendelaget søkt om å få gangveg langs den sterkt trafikerte fylkesvegen gjennom bygda. Gong etter gong er søknaden teken opp igjen, men synest ikkje å vere komen lenger enn til rådhuset.

– I Statens vegvesen kjenner dei ikkje saka vår. Det er i alle fall det vi får opplyst, seier dei to gangvegforkjemparane i Sandvika.

Kva tid blir det vår tur?

Rett nok er gangvegen komen på kartet etter at reguleringsplanen blei klar for nokre år sidan. Utover det har ingen ting skjedd, og no spør grendelaget kva planar kommunen har vidare. Kan Herøy kommune forskottere gangvegen vår slik at noko snart vil skje, spør grendelaget i brev til kommunen.

Her viser dei til at Frøystad har fått undergang og trygg skuleveg, i Aurvåg har det kome flott gangveg, og no blir Skarabakken utbetra.

– No lurer vi på om det ikkje snart skal skje noko her i Sandvika også, seier Sandvik og Stolsmo, og viser til at det ikkje er lange biten veg det er snakk om.

Men å få sikra dei gåande blir ikkje mindre viktig av den grunn. Dei to viser til at vegstubben dei søkjer om ville ha knytt saman bygder og gitt barn og vaksne ein trygg veg både til skule, fritidsaktivitetar og vener.

I eit nytt brev til kommunen – dei veit ikkje kva nummer brev i rekkja det er – viser grendelaget til at gangvegen vil spare kommunen for store summar i skuleskyss. Det vil også vere eit godt folkehelsetak som kan bidra til meir fysisk aktivitet. Det vil ikkje gjelde berre for Sandvika sine eigne innbyggarar, men også for resten av Tjørvåg.

Over Sandvikskaret har grendelaget fått laga til ein flott turveg mellom Tjørvåg og Sandvika. Vegen er mykje brukt, men ofte med livet som innsats. Den trafikkfarlege biten av fylkesvegen gjer at mange kvir seg for å ta runden, særleg med tanke på den farten som bilane held.

– I tillegg til at her er stor trafikk, er det dei færraste som bryr seg om den skilta fartsgrensa. Her er det mykje uvøren køyring, slår Sandvik og Stolsmo fast.

Dei viser til at det trass alt bur rundt seksti menneske i bygda, og nesten ein tredjepart av dei er under atten år.

Samanhengande til Moltu

Grendelaget viser til at Stokksundkrysset ligg inne på kommunen si prioriteringsliste over trafikktryggingstiltak som nummer to. Kravet er at gangveg til Sandvika må vere ein del av dette tiltaket. Etter det vi kjenner til, har kommunen også midlar til trafikktrygging som kan nyttast, heiter det i brevet.

Kravet er gangveg frå Stokksundkrysset og fram til siste huset i Sandvik-bygda. Men då er det heller ikkje lange biten igjen til ein kan få samanhengande gangveg mellom Stokksund og Moltu.

Gir fri grunn

Grendelaget ber difor kommunen om å starte planarbeidet for del to av gangvegen heilt fram til B. Tarberg sine bygningar der den gamle turvegen går vidare mot Moltu.

Grunneigarane i Sandvika har tidlegare avstått fri grunn til gangvegen gjennom bygda, og alle er positive til at det viktige tiltaket kan bli realisert.

– Vi krev at no er det Sandvika sin tur til å få gangveg, og vi forventar ei tilbakemelding på kva som skjer med vidare utbygging, seier dei to i grendelaget.