Ivrige elevar ved blant anna Leikanger skule, skal delta i årets Sommarles-kampanje

– Eg skal lese ei vitsebok

1. juni starta lesekampanjen Sommarles 2018. Blant fleire, deltek engasjerte elevar ved Leikanger skule.
Nyhende

Frå og med denne veka har alle barn i 1.– 7. klasse i Møre og Romsdal moglegheit til å delta i lesekampanjen Sommarles. Dette er ein kampanje som blir gjennomført både i Sande og i Herøy. Målet med kampanjen er å motivere barn til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

– Dette er ingen konkurranse, men ein kampanje der målet er leseglede. Vi har ikkje noko mål om at barn skal lese heile tida, men heller at barna skal få lyst til å utforske og finne gleda i dei tallause verdene som lesing opnar, fortel Kristi F. Husøy, bibliotekar ved Herøy folkebibliotek.

I fjor deltok over 300 kommunar og 58 963 barn, og Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år.

Planlegg å lese mange bøker

Vestlandsnytt var tysdag med på informasjonsrunde om kampanje på Leikanger skule. Her fekk alle elevane lytte til høgtlesing av bøker samtidig som dei fekk stille spørsmål om kampanjen.

Etter skuletimen var det friminutt og vi møtte nokre barn som alle synest det var interessant å høyre om kampanjen.

– Eg trur kanskje eg skal lese ei vitsebok, konkluderer Gabriel Berge Voldnes.

Han fekk nemleg med seg at det var lov å lese både vitsebøker og lydbøker. Ein kan til og med bli lest til, forklarar gjengen til Vestlandsnytt.

– Eg har allereie starta på boka «Latterbombe», smiler Amanda Skotnes.

– Eg planlegg å lese mange krimbøker som handlar om mord og mystiske ting. Eg synst det er spennande, fortel Torunn Kleppe.

Får ro av å lese

To andre som har planar om å lese masse bøker er Andrea Baade Bakken og Rachel Kristina Rovik Alterskjær.

– Eg les veldig, veldig mange bøker. Eg likar å lese fordi eg får ro og fred når eg les, og slappar skikkeleg av, forklarer Andrea.

– Eg synst det er fint med ei slik kampanje, då det oppmuntrar folk til å lese, og eg les mykje sjølv fortel Rachel Kristina.

–Viktig å halde ved like

Tim Bock, biblioteks-leiar ved Sande bibliotek, seier han håpar mange elevar vil vere med i kampanjen.

– Eg meiner det er viktig for barna å lese bøker. Spesielt er det viktig i sommarferien for å halde leseevna ved like, då trur eg det blir lettare å fortsette å lese når skulen byrjar igjen, forklarar Bock.

Han roser årets kampanje for å vere appellerande til målgruppa.

Forma som eit spel

Årets kampanje er nemleg forma som eit spel på nettstaden sommerles.no. Her kan elevar opprette og lage seg ein profil. Der blir ein oppmoda om å registrere alle bøker ein les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar leste side.

– I tillegg til poeng får barna også gjere seg fortent til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket. Vi har også spesielle koder som barn kan få på biblioteket, og det har også andre bibliotek i regionen, fortel Kristin F. Husøy og Tim Bock.

Undervegs får ein også tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og eit spel kor ein løyser oppgåver knytt til forteljinga. Kampanjen varer fram til 31. august.

– I Herøy blir kampanjen som tidlegare år avslutta med ein bokfest i september med trekning av deltakarpremiar blant dei som har vore med i år. Alle som deltek har like stor sjanse for å vinne flotte premiar, avsluttar Husøy.