Paul Harris Fellow

Robert Skeide fekk gjæv utmerking

Robert Skeide vart heidra med den gjævaste utmerkinga i Rotary International, Paul Harris Fellow. Dette skjedde under korkonserten til Herøy og Ulstein mannskor og damekoret Paide frå Estland i Herøy kyrkje torsdag kveld.
Nyhende

Paul Harris Fellow delast ut til enkeltpersonar som har bidrege med samfunnsnyttig arbeid i lang tid.

Ein solid aktør.

- Robert skeide har vore ein solid aktør i det lokale kulturlivet i Herøy i fleire tiår. Eg vil spesielt trekke fram innsatsen har gjort i alle kora han har diriger og sunge i, og ikkje minst den framifrå innsatsen han har gjort som rektor for kulturskulen. Han har løfta fram Herøy kulturskule til den 3. største i fylket, sa Paul Lillebø, president i Herøy Rotary under utdelinga.

Lillebø påpeika at prisen spesielt heidrar den frivillige innsatsen til Skeide og alle dei timane han har brukt av si fritid til samfunnsengasjement og till fellesskapets beste.  

Total overrasking

Hovudpersonen sjølv var heilt uvitande om det som skulle skje. Skeide seier at det ikkje har gått heilt opp for han kva som skjedde.

- Eg blir litt satt ut og eg er svært takksam for denne utmerkinga, sa ein litt forfjamsa Robert Skeide, etter utdelinga.

Kor er noko spesielt

Det er kanskje ikkje rart at det var akkurat Skeide sit korengasjement som blei trekt fram. Skeide har nemleg dirigert og engasjert seg i ulike kor i over 50 år.

- Det er noko spesielt med å synge i kor som ikkje kan beskrivast. Eg trur det er noko med at vi kan kome som vidt forskjellige folk og skape noko vakkert saman. Dette er naturlegvis kvifor eg har haldt på så lenge og held fram med det, fortel Robert.

Til slutt nytta han høve til å nok ein gong takke for prisen og retta ei spesiell takk til si kone for at ho let han bruke so mykje av fritida si på kulturelt engasjement.

Vestlandsnytt kjem med meir frå den flotte korkonserten.