Leiarskifte i Mare Safety

MARE SAFETY: MOB-båtar er Mare Safety sitt viktigaste produkt. 

Nyhende

Mare Safety AS har tilsett Are Nørvåg Garshol (39) som ny adm. direktør frå 1. august 2018. Garshol kjem frå stillinga som adm. direktør i selskapet Olav E. Fiskerstrand AS. Garshol har tidligare også hatt leiande stillingar innafor den maritime bransjen og ser difor fram til å styrke Mare Safety AS sin posisjon som en attraktiv leverandør for produkt og tenester i den lokale og internasjonale marknaden.

Reidar Vågeskar, som har vore leiar for selskapet i mange år, held fram i selskapet med ansvar for sa,l samt utvikling og oppfølging av Mare Safety AS sine storkundar.

Selskapet opplever ei betring av marknaden og ordreinngangen har dirfor vore svært positiv for alle av selskapet sine produktområde i 2018. Satsing på nye marknader har også gitt gode resultat, og bidreg også til auka aktivitet for selskapet.