I ei pressemelding opplyser Herøyspelet at Granden Berg blir dirigent for koret og orkesteret "Kongens Ring» skil seg frå andre historiske spel med det store innslaget av levande musikk der mesteparten er skrive av Svein Møller, men med nokre nyare innslag komponert av Henning Sommerro.

Øyvind Granden Berg har tidlegare spelt fløyte i spelet. Han har vore lærar i Herøy kulturskule i mange år, og er no lærar ved musikklinja ved Volda vidaregåande skule og dirigent for Cervix Vocales.