Rammeavtalen som Metizoft har gått inn i går ut på inspeksjonar og oppdatering av farleg materiale, kjent som IHM eller Inventory og Hazardious Materials, på alle skipa til Frontline.

Frontline er eit verkeleg stort oljetankselskap som i stor grad fraktar råolje. Dei har kontor i Bermuda, London Glasgow, Oslo og Singapore.

Avtalen omfattar ikkje berre Frontline sine eigne skip, men også flåten av tørrlastskip til Golden Ocean. Alt i alt omfattar avtalen kring 180 skip.

– Metizoft er veldig fornøgde med, og audmjuke over, å vere eksklusiv partnar for å imøtekome miljøkrav for Frontline, seier Gry Cecilie Sydhagen, administrerande direktør for Metizoft, i ei pressemelding.

Til Nett.no fortel Øyvind Sundgodt, marknadssjef, at dette kan bety fleire arbeidsplassar.

I tillegg til at dette gir arbeid til hovudkontoret i Fosnavåg, vil også samarbeidsparnarar og dotterselskapa i både Singapore Kina, nyte godt av avtalen.