Driftsreultat på minus 326,2 millionar

Ulstein Group hadde i 2017 ei omsetning på 1,1 milliard kroner. Driftsresultatet var på minus 326,2 millionar kroner.
Nyhende

I ei pressemelding skriv Ulstein Group at ein del av tapet skuldast lav utnytting av kapasiteten på grunn av lav ordreinngang åra før. Andre viktige årsaker er tap på einskilde prosjekt og nedskrivingar.

- Vi er midt i ei omstillingsfase etter den kraftige nedturen som ramma heile olje- og gassnæringa. Sjølv om vi har sikra oss fleire viktige kontraktar i nye segment, vart 2017 eit krevjande år for oss, seier konsernsjef Gunvor Ulstein, i ei pressemelding.

- Arbeidet med å etablere seg i nye segment tek tid, og krev mykje kapital og ressursar. Vi meiner likevel at dette arbeidet vil gi resultat over tid, og at det er grunn til forsiktig optimisme, held Ulstein fram.