Vi er hos bonde Terje Follestad, på ein av dei frodige gardane på søre Sandsøya. Veret er fint og voksteren i enga er god.

Men bonden har èi bekymring som synest aukande for kvart år som går:

Omsynet til fuglelivet.

– Heile denne våren har det opphalde seg nokre hundre grågjæser på Sandsøya, kontinuerleg, seier Follestad.

«Er her heile tida»

Under praten med Follestad flyg det brått opp fleire gjæser på markane nede ved sjøen.

– Dei er her stort sett heile tida. Det vert ein stor prosentdel høyballar der graset vert blanda med gåsesskit. Sjølvsagt vil vi ikkje ha det slik, seier han.

Som om ikkje problemet er stort nok med grågås, finst det på øya også andre fugleartar som gir utfordringar.

– Her skal vere sett åkerrikse nokre stadar. Eg har blitt lokka frå øvste hald på fylket med å unngå å slå graset slike stadar. Men avlinga må sikrast, dyra må ha fôr.

– Ein kan bli oppgitt over heile greia. Regelverket for felling av grågås er stivbeint og byråkratisk. I år har heile våren gått utan at vi har fått felle ei einaste grågås. No aular det av gåsungar alle stadar, seier gardbrukaren på Sandsøya.

Han meiner «gåsepolitikken» er ekstra streng i Sande.

– I Giske har dei fått fine opningar til felling av grågås også i verneområde. Her ute verkar alt vanskeleg. Det gjer ikkje situasjonen betre at det er sterke fugle- og verneinteresser i sving her ute, legg han til.

Kjell Martin Vikene, som er vikarierande for landbrukssjef Kristin Wadsten for tida, stadfestar at det har vore ekstra utfordringar med forvaltinga av grågås i år:

– Forvaltingsplanen for grågås gjekk ut i år, og først no har det kome på plass eit løyve til felling av skadegjerande grågås, opplyser Vikene til Vestlandsnytt.

– Reell problemstilling

Kommunen sende sist veke ut vedtak til fleire grunneigarar i; på Kvamsøya, Voksa, Sandsøya og i Gjerdsvika.

– Vi hadde nyleg Ola Betten frå Fylkesmannen på besøk, på synfaring på Voksa hos gardbrukarane Harøy og Stavik. Der vart situasjonen drøfta. Medan vi var der, observerte vi også mykje grågås. Problemstillinga med mykje grågås er heilt reell, seier Vikene.

Han seier det spesielle er at det finst ei stort område med dyrelivsfreding som strekkjer seg frå søre Sandsøya og langt bort på Voksa.

«Andre skremmemetoder»

Det er gitt eit totalt fellingsløyve på maks 30 felte gjæser på Sandsøya/Voksa.

I løyvet som er sendt til grunneigarane vert det opna for skadefellingsløyve fram til 15. juni, og ein bolk mellom 26. juli og 9. august. Det vert gitt spesifike løyve, til dømes inntil tre gjæser per dag. Men ein skal utføre «andre skremmemetoder» for ein tek skytevåpen i bruk, heiter det i retningslinjene for skadefelling.

Vidare skal det dagleg førast protokoll over felling av grågås, og her skal grunneigarane skrive opp kor mange grågås dei har sett, på kva område og kor mange som er felte. Innan ein viss frist skal kommune ha motteke ein rapport, og her skal ein skrive opp beitemønster og skadeomfang gåsa kan ha hatt.

Ein må i tillegg unngå felling av kullgås. Dessutan skal det takast bilde av alle felte gjæser. Samstundes må sjå etter eventuelle åkerrikser.

Lite imponert

Terje Follestad er lite imponert:

– Det er omfattande, byråkratisk og gir nærast lyst til å gje opp. Det som må til er ei langt meir effektiv forvalting, tidleg på året, om det skal ha nokon effekt, seier han.