– Etter VOLT Processor, som primært skal drive med avlusing, satsar vi på å bygge oss ein flåte med slaktebåtar, fortel Even T. Remøy.

VOLT Service er ein del av Remøy Management-gruppa, der Even T. Remøy er dagleg leiar. Selskapet blei skipa i 2016 med sikte på å eige og drive fartøy som skal nyttast i oppdrettsnæringa.

Døypt i dag

Etter levering frå Damen-verftet i Holland for eit par veker sidan, gjekk VOLT Pro- cessor direkte til Optimar på Valderøy der båten fekk installert eit Optilice behandlingssystem. I går ettermiddag blei båten døypt i Ålesund med Nina Remøy Pettersen som gudmor.

Det 43 meter lange og 12 meter breie fartøyet er spesialutvikla av Damen for ulike ope- rasjonar i oppdrettsnæringa. Fartøyet vil betjene fiskeoppdrettarar langs heile kysten, med fokus på avlusing av laks. I tillegg til faste avtalar med kundar vil fartøyet også operere i spotmarknaden.

– Vi trur denne kombinasjonen vil vere til det beste for denne typen tenester, særleg med tanke på mellomstore og mindre oppdrettarar som nødvendigvis ikkje ønskjer å ha slike fartøy på faste kontraktar heile året, seier Remøy.

Stor nyheit

Det er òg ei stor nyheit at behandlingsanlegget om bord skal kunne levere minst to ulike behandlingstypar for lus frå same anlegg. Dermed kan oppdrettarane veksle på behandlingstype, slik at resistens mot ein type ikkje skal byggast opp hos lusa.

– Dette vil gjere båten fleksibel og vil vere eit unikt tilbod til kundane våre, seier Remøy.

Optilice 4 XL er den siste generasjonen behandlingssystem frå Optimar. Anlegget har ei rekkje forbetringar frå tidlegare versjonar, og vil vere ein del av den nye digitale plattforma frå Optimar. Ifylgje operasjonssjef Robert Søviknes vil systemet levere besluttingsstøtte til operatørane og kan foreslå ideell behandling basert mellom anna på historikken.

– I tillegg er dette eit av få fartøy som kan tilseette oksygen i merd før fisken blir teken om bord. Dette vil vere bra for fiskevelferden, i tillegg til at det lettar arbeidet for oppdrettarane og aukar sikkerheita under operasjonane, seier Søviknes.