Det seier banksjef Per Ronald Knutsen ved Sparebanken Møre i Herøy.

Søndag 27. mai fyller banken 175 år, noko dei markerer med å gi bort ei jubileumsgåve på heile 600.000 kroner.

– I staden for å dele ut fleire små beløp, satsar vi heller eitt stort på sunnmørsjekta «Anna Olava», som er historisk i Herøy, seier regionbanksjef Kjell Brudevoll.

Dermed er Herøy kystmuseum eit stort steg nærare realiseringa av det heilt spesielle naustet.

– Dette er den første store summen vi får. Midlane betyr mykje for gjennomføringa av prosjektet, då andre private aktørar forhåpentlegvis vil sjå verdien av dette og følgje etter, seier direktør Ivar Braaten for Sunnmøre museum.

– Felles historie

Sunnmørsjekta var ei av fleire jektetypar som trafikkerte kysten frå mellomalderen og fram mot år 1900. Dei var gjerne lasta med sild, tørrfisk, tran, rogn, skinn, gråverk og andre varer, som vart frakta inn til byane.

– I sine glansdagar transporterte jektene mellom anna korn. Opphavet til mange av sparebankane her til lands, spesielt langs kysten vår, starta som kornmagasin. Så her har vi ei felles historie, seier banksjef Brudevoll.

– Etter kvart vart kornlagera selde, og kapitalen vart nytta til å stifte sparebankar. Herrøe og Røvde sogns sparebank er ein slik bank, og på søndag er det nøyaktig 175 år sidan herrane signerte stiftelsesprotokollen og bestemte seg for å starte sparebank her, held han fram.

Banksjef Knutsen seier eigenkapitalen frå kornlagera – grunnfondet, er samfunnet sin del av banken.

– Slik er det den dag i dag. Banken er delvis eigd av folket. Difor er vi opptekne av å gi tilbake til samfunnet, der verdiane er skapte.

Historia om «Anna Olava»

«Anna Olava» er den einaste sunnmørsjekta av sitt slag. Ho vart til etter at gamle jektebord og band vart funne på Håkonsholmen, ein gammal handelsstad i Ulstein kommune.

– Båtforskar og båtbyggar Saxe Bjørkedal målte opp borda og utførte det interessante arbeidet, som resulterte i ein rekonstruksjon (modell) og fullt teikningsgrunnlag, komplettert av professor dr. philos Arne Emile Christensen, opplyser Herøy kystmuseum.

Vinteren 1999/2000 fekk museet bygd ei jekt i full målestokk. Ho er no Herøy kommune sin eigedom og er stasjonert på Herøy gard.

– Det vart gjort eit formidabelt arbeid med bygging og rekonstruksjon av jekta, og no er det blitt gjort ein stor jobb i forhold til vedlikehald. I den samanheng vert naustet viktig, då jekta må bli teken inn om vinteren for at ein skal kunne halde fram med vedlikehaldsarbeidet. Naustet er dessutan utforma på ein måte som gjer at ein kan sjå ho også om vinteren. På den måten kan ho også bli brukt i formidlingssamanheng, seier kulturleiar Eileen Gjerde i Herøy kommune.

Jektenaustet

Det var arkitekt Roald Sporstøl som teikna dei første skissene av jektenaustet.

– Eg kjende Sporstøl veldig godt. Då han døde vart vi veldig opptekne av å få i gang dette prosjektet, som han ivra sånn etter, nemleg eit naust – eit vernebygg – over Anna Olava, seier Braaten.

Grunnskissene var allereie klare. I ettertid har Sunnmøre museum og Sporstøl Arkitekter AS vidareutvikla «formidlingsdelen» og mellom anna laga moderne 3D-illustrasjonar.

– Meininga er at naustet skal ligge fint i terrenget, lunt plassert i bukta mellom knausane og med eit godt arkitektonisk uttrykk, heiter det i ein Powerpoint-presentasjon om prosjektet.

Naustet vert utforma med eit eige formidlingsrom, til bruk både for skuleklassar og andre. Denne delen har direkte tilknyting til naustet, jekta og uteområdet. Formidlingsrommet kan også nyttast til utleige for ulike lag og grupper.

Satsar på utbygging neste år

Den totale kostnadsramma for heile prosjektet, med regulering, stadsutvikling og bygging er på 5,3 millionar kroner. I budsjettet er det lagt opp til at 1,5 millionar av dei skal kome gjennom sponsing frå private.

– Museet bidreg ein del sjølv også, men vi har ikkje ressursar til å bere eit slikt budsjett på eigen rygg. Difor er vi heilt avhengige av støtte, både frå det offentlege og private. Vi har inne søknadar hos kommunen og fylket, som har gitt god respons så langt. Håpet er at vi skal få finansieringa på plass i år, slik at vi kan gå i gang med bygging neste år, seier Braaten