Sjølvsagt er det skulesaka som vekkjer interesse. Særskilt er det mange frå Sandsøya som har møtt fram for å få med seg debatten.

Innleiingsvis på møtet varsla ordførar Dag Vaagen (H) at det har kome eit utsettingsframlegg i skulesaka. Noko meir detaljar kring dette framlegget gav ikkje Vaagen, anna enn at det er eit «felles utsettingsframlegg».

Ordføraren opplyste også at det siste dagane har kome ei rekkje nye merknader og fråsegner til skulesaka. Vestlandsnytt fylgjer denne saka utover ettermiddagen.