Då kommunestyret behandla saka onsdag, la ordførar Dag Vaagen (H) på bordet eit ferskt utsettingsframlegg som var signert alle gruppeleiarane.

Her vert det synt til innkomne innspel, «også merknader innkomne etter ordinær høyringsfrist». I fråsegna som hausta tverrpolitisk semje ber ein om «at det vert gjort vurderingar for realisering av SaFast, og av andre relevante kommunikasjonsforhold». Planen er å få saka  til endeleg behandling innan 1. november 2018.

Kom fram sjølvkritkikk

Sjølv om det var eit utsettingsframlegg kommunestyret formelt sett behandla, vart det opna for å kome med synspunkt på skulesaka. Fleire tok på vegner av kommunen sjølvkritikk på måten saka vart køyrd fram på.

Siste dagane har det mellom anna kome fleire innspel til kommunen som går på at skulesaka formelt sett har ein del feil - og mangelfull tilnærming. Mellom anna har Landslaget for nærmiljøskolen (LUFS) påpeika manglar.

I tillegg var det fleire i kommunestyret som meinte at det sette saka i eit nytt lys at Sandefisk og ei systerbedrift - Go & Po Fiskeri - har signalisert vilje til å flytte frå kommunen viss skulen på Sandsøya vert lagt ned.

«Tenne ein eld»

Nokre meinte at skulesaka i seg sjølv har avdekt ei enorm vilje til å ta vare på lokalsamfunna. Ein av dei er Arnljot Muren (Ap):

- Denne saka har vore med på på å tenne ein eld. Vi lever midt i matfatet, med nærleiken til sjøen, og etableringsiveren frå næringslivet syner vi bur eit ettertrakta område, sa Muren mellom anna.

Frå Sande Vest gav både Ove Myklebust og Bjørn Flatøy uttrykk for glede over meir pusterom i denne saka. Flatøy streka under at denne gruppa aldri har hatt noko ynskje om skulenedleggingar, og han meinte dessutan at framlegget om meir IKT-basert undervising har vore dårleg kommunisert ikkje minst i lokalavisa.

Fleire som hadde ordet, mellom dei Inge-Jonny Hide (H) påpeika viktigheita av meir vind i segla for Sande Fastlandssamband. Frå Frp hadde Marion F. Bringsvor ein kraftfull appell der ho slo fast at det å sende born med ferje er noko vesentleg anna enn å skysse dei landevegen.

– Mellom anna takka vere desse bak oss, skjønar vi at vi treng meir tid, sa Jon Garen (Ap) og synte til publikum.

Ordførar Dag Vaagen meinte det er litt passivt å kalle det utsetting. Han valde å kalle den nye kursen «å jobbe intenst».

Olav Myklebust (Sp) nytta høvet til å minne om at kommunen likevel står overfor eit krav om store innsparingar.

Mathias Gjerde (H) minna om kvar Gjerdsvika er på kartet, og slo fast at gjerdsvikarane er opptekne av skulen sin. Han støtta heilhjarta framlegget om å ta seg meir tid i saka, for å få fram reelle tal. Han stilte seg undrande til prosessen der skulen brått var "nedlagd" i oppvekstutvalet.

Utsettingsvedtaket

Dag Vaagen, H la fram felles utsettingsframlegg på vegne av gruppene H, Tvp, Ap, Sp, Frp, V:

Sande kommunestyre vedtek å utsetje saka. Det vert mellom anna vist til innkomne merknader frå næringslivet og andre, også merknadar innkomne etter ordinær høyringsfrist. Kommunestyret ber formannskap/kommuneleiing om å søkje dialog med næringslivet om deira framtidsplanar og om kommunen si rolle som tilretteleggar for utvikling.

Vidare ber kommunestyret om at det vert gjort vurderingar med scenarier for realisering av Sande fastlandssamband, og vurdering av andre relevante kommunikasjonsforhold. Det kan også gjerast vurderingar av andre aktuelle forhold knytt til innkomne merknader.

Saka vert å legge fram til endeleg behandling innan 1. november 2018.

Grendalagsleiar: - Klokt

På møtet var det ein delegasjon tilskodarar. Mellom desse var også leiar av Sandsøy og Voksa grendalag, Ingrid Bringsvor Voksøy.

– Vi meiner det er eit klokt vedtak. Det gir meir tid til å omstille oss, setje ein ny kurs. Skulesaka har til dømes ført til at dei mellom 18 og 35 år på Sandsøya og Voksa no skal ha møte for å stå betre rusta til å møte framtida. Vi er glade for at kommunestyret på dette viset backar oss i kampen for å få eit endå meir levedyktig samfunn, sa grendalagsleiaren etter møteslutt.