Etter å ha fått ein kontrakt på seks månader, med opsjonar etter den faste perioden, kan Havila Shippinga ta enda ein båt ut av opplag. Båten det gjeld er det ni år gamle PSV-fartøyet Havila Fortune, som har lege i opplag sidan februar i år som eitt av 67 norske PSV-fartøy i opplag. I løpet av juni kjem båten i arbeid igjen for selskapet Axxis Geo Solution AS.

Fire igjen i opplag

Havila Shipping vil framleis ha fire båtar i opplag etter at Havila Fortune er løyst frå bøyene. Desse er PSV-fartøyet Havila Fortress, samt ankerhandteringsfartøya Havila Mars, Havila Mercury og Havila Neptune. Sistnemnde blei lagt i opplag om lag samtidig med Havila Mars på slutten av 2015.