Den 5. september 2015 var verdsleiarar samla i ei generalforsamling. Der vart dei einige om ein plan for ei betre verd. Den kallast for FNs bærekraftmål. Her er dei 17 måla …

Slik innleia 7. klasse ved Bergsøy skule, Borga, det særs viktige møtet på Herøy rådhus onsdag 16. mai. I det guten på talarstolen overlèt plassen til nestemann, kastar han eit raskt blikk på dei spesielt inviterte gjestane på første rad. Nokre av dei representerer makta: Statens vegvesen, ordføraren, Herøy kommune. Men der sit også to andre kunnskapsrike menneske, som vil støtte elevane si sak uansett kva dei som styrer kjem til å seie; birøktar Nina Elisabeth Bøe og ornitolog Alv Ottar Folkestad.

Elevane kjem fram, ein etter ein, frå rekkja langsmed veggen under vindauga i kommunestyresalen. Før dei kan leggje fram krava sine, må dei vere sikre på at gjestane forstår problemstillinga fullt ut.

På skulen har elevane jobba med mange av FNs bærekraftmål, derimellom nummer 13: «Stoppe klimaendringene», der dei lærte masse om problemet med plast i havet.

– No jobbar vi med nummer 15 – livet på land, der vi konsentrerer oss om å utrydde biedøden, seier ei.

– Alle blomsterplanter treng å bli pollinerte for å formeire seg. For å overføre pollen får blomane hjelp av vind, insekt og fuglar. Av desse er biene og humlene dei viktigaste. Forskjellige typar bier har ulike typar snablar, som gjer at dei kan pollinere forskjellige artar blomster. Det er livsviktig for plantene. Dersom biene døyr ut, døyr også plantene, forklarer elevane.

– Over 70 prosent av alle matvarer forsvinn dersom humlene og biene vert utrydda.

Sette fram krav

På sidelinja står lærar Kaja Runde, tydeleg stolt, med auga festa på elevane sine. Dei har jobba med prosjektet i om lag tre veker, og dei har førebudd gruppearbeidet godt. Temaet har vore utrødd mark for både Runde og ungdomane, så dei har lært mykje i lag. Snart skal 12- og 13-åringane argumentere mot overmakta.

(Saka held fram under bildet)

Stolt: Lærar Kaja Runde. Foto: Josefine Spiro

– Vegkantane er no dei største blomsterengene i Noreg. Der står det utruleg mange blomster som gir mat til mange ulike humler og bier, seier ei.

Utfordringa er at desse «blomsterengane» vert slått før biene og humlene får det dei treng av næring for å kunne gjere jobben sin.

– Er desse blomane farlege for trafikksikkerheita? Alle er under 60 centimeter høge. Kvifor klipper vi vegkantane når blomane ikkje er trafikkfarlege, spør elevane, som samanliknar vegkantane med brøytekantane i Strynefjellet, som kan bli opptil 4,5 meter høge.

– Kva er farlegast? Dei små blomane eller dei store brøytekantane? For å prøve å berge blomane, har vi skrive eit brev til Herøy kommune ...

«Vegkantane har stor artsrikdom av blomar der forskjellige bier og humler kan stikke snabelen i, samt pollinere blomane. Derfor bør vegkantane bli slått i månadsskiftet august-september. Ikkje i juni! På seinsommaren har humlene og biene pollinert blomstrane og blomstrane har frødd seg. Vi vil be Herøy kommune om ikkje å slå vegkantane langs dei kommunale vegane i juni, men vente til seinsommaren», heiter det mellom anna i brevet.

Statens vegvesen sine representantar får utlevert eit liknande brev, med krav om å beskytte dei fylkeskommunale vegkantane. Brevet vert avslutta slik:

«På vegner av oss sjølve og humlene og biene seier vi på førehand tusen takk».

Også ordføraren får eit brev. Elevane håper han vil støtte dei i kravet om at «vi framleis skal ha humler og bier når vi er vaksne».

Ei ekstra lokal utfordring

Dei makthavande skal snart få svare for seg, men før dei kjem så langt, går birøktar Nina Elisabeth Bøe og ornitolog Alv Ottar Folkestad på talarstolen. I tillegg til å informere om biene sin verdi, snakke om verkelegheita før og no, og å støtte elevane i kravet til styresmaktene, peikar Nina Bøe på ei lokal utfordring:

– Vi har fått ein sjeldan sjukdom i Herøy og Sande: pærebrann. Den angrip først og fremst mispel, men kan spreie seg til frukttrea. Og biene tek faktisk med seg sjukdomen frå tre til tre, seier ho.

(Saka held fram under bildet)

Birøktar: Nina Elisabeth Bøe informerte mellom anna om biene sin talfesta, økonomiske verdi, som per dags dato er sett til om lag 577 milliardar dollar. Det talet vil berre auke. I Noreg er verdien av pollineringa sett til 150 millionar kroner, opplyser Bøe. Foto: Josefine Spiro

Det kan gjere at birøktarar på Sunnmøre ikkje får lov til å ta med biene sine til Valldal i sommarmånadane.

– Slik eg forstår det, fekk vi lov til å flytte biene i år, men det er ikkje sikkert vi får gjere det dersom pærebrannen held fram. Difor er det ekstra viktig at vi ikkje gjer noko dumt med klippinga, slik at biene ikkje får mat, seier Bøe.

– Nokon her som kan hjelpe meg?

Omsider går seksjonsleiar Lisbeth Smørholm for Plan- og trafikkseksjonen i vegvesenet, Møre og Romsdal fram til mikrofonen.

– Vegvesenet har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn i vår verksemd. Det betyr at vi skal ha oversikt og vurdere miljøkonsekvensar av inngrepa og aktivitetane våre. Men ansvaret og tiltaka må også bli vegde opp mot alle dei andre ansvarsområda våre, seier ho, og held fram:

– Kvifor er det viktig å slå vegkantane? Det er for å gjere trafikkbildet meir oversiktleg for dei som ferdast på og langs vegen. Vegetasjonen skal ikkje bli over 50 centimeter høg. Når vi ryddar langs vegen har vi ikkje lov til å bruke sprøytemiddel.

(Saka held fram under bildet)

Vart utfordra: Seksjonssjef Lisbeth Smørholm frå Plan- og trafikkseksjonen i Statens vegvesen i Møre og Romsdal. Foto: Josefine Spiro

Benjamin Igesund stikk handa i vêret:

– Du seier at det går mindre liv tapt når de klipper, men viss de klipper velter de næringspyramiden (som gir ubalanse i økosystemet, red. anm.). Går det ikkje mange fleire liv tapt då, spør han.

– Det veit eg ikkje om eg kan svare på. Er det nokon her som kan hjelpe meg eller? spør Smørholm, og smiler mot den unge forsamlinga.

Kaja Runde mumlar ein kommentar: «Det kunne vi no gjerne gjort». Ordføraren ler.

Ein gut, Patric, kjem med eit forslag:

– Graset vert høgare enn blomane, så de kan prøve å berre klippe litt høgare opp, slik at de ikkje treff blomane.

– Ja, det er ein god idé. Vi i vegvesenet kan også bli flinkare til å så meir av dei artane som bier likar, og som veks lågt. Vi har masse folk som jobbar med å gjere vegane finare og sikrare, og det er viktig at dei syter for rett vegetasjon langs vegane for å løyse flest mogleg av desse utfordringane, seier Smørholm.

Benjamin rekkjer opp handa igjen.

– Er det så viktig å halde vegkantane fine, når næringspyramiden vert øydelagt?

– Det er det spørsmålet må vi ta med heim, seier Smørholm, før ho kjem med nokre avsluttande ord:

– Her er mange gode spørsmål, og eg greier ikkje svare like godt på alle. Vi har heller ikkje løysinga på alt. Men dei siste åra har vegvesenet blitt flinkare til å vise miljøomsyn samtidig som vi tek vare på det trafikale. Vi skal ta med innspela herifrå vidare til dei som lagar reglar for dei som utfører arbeidet, seier ho.

Sa seg einig

Seksjonssjef Jarl Martin Møller i Herøy kommune slepp billegare unna på spørsmålsfronten enn representantane frå vegvesenet. Kanskje er det fordi han stort sett seier seg einig i alle elevane sine argument? Svar på kravet deira har han elles ikkje på ståande fot.

– Det enkle svaret … hadde eg berre kunne ha sagt ja. Men eg lovar at eg skal gi dykk svar i løpet av ei veke. Eg må berre sjå på nokre kontraktar, seier han.

(Saka held fram under bildet)

Kommunalsjef Jarl Martin Møller var einig i elevane sine argument, men må gjere nokre undersøkingar før han svarer på kravet deira. Foto: Josefine Spiro

– Her er masse bra innspel, og eg har lært masse. Mellom anna kunne eg tenkje meg å finne svar på når det er lurt å slåtte, og om vi må satse på alle vegane, eller om der er enkelte vegar i kommunen vi kan prioritere framfor andre.

Både vegvesenet og kommunen slår per i dag vegkantane to gongar i året: éin i juni og éin i september.

– De kan kutte ut den gongen i juni, og berre klippe 15. september, seier Benjamin.

– Ja, eg er heilt einig. Men så er det litt sånn at viss vi ikkje slår, så ringjer foreldra dykkar og klager på at vi ikkje klipper, seier Møller.

Stolt lærar

Når møtet er over, får vi læraren, Kaja Runde i tale. Det viser seg at ho er like stolt som ho såg ut under debatten.

– Dette gjekk veldig bra. Eg er skikkeleg stolt av at dei torde å argumentere mot overmakta. Og så synest eg det er fint at dei som styrer møter opp når dei får invitasjon, og at dei tek dei unge på alvor. Det får elevane til å skjøne at meiningane deira betyr noko, og det er kjempeviktig for deira vidare engasjement.