Det samla uttaket på tobis blir ståande på 70.000 tonn. Det har Fiskeridirektoratet bestemt på bakgrunn av maitoktet som viste at tobisen har vakse overraskande lite frå i fjor.

– Dette kom nok overraskande ut ifrå det dei såg i fjor, men forklaringa synest å vere temperaturtilhøva og tilgangen på mat, seier Gunnar Sævik.

Vedtaket om å stå på den opprinnelege kvoten er heilt sikkert skuffande for dei som hadde svært god grunn til å tru på ein auke i år også. Det positive er prisane, som har lagt på seg ein med femtiøring i forhold til i fjor.

- God pris på kolmule, i tillegg til at dei også fekk fiske lodde, gjer at nordsjøtrålarane likevel ligg bra an i forhold til dei økonomiske forveningane, seier Sævik.

Totalkvoten på 70.000 tonn betyr i underkant av 4.000 tonn tobis på båten.