Onsdag kveld blir det møte på Thon Hotel Fosnavåg i regi av Herøy næringsforum og Herøy kommune. Her skal analyse og rådgjevarmiljøet ZYNK presentere arbeidet dei har gjort med reiselivsrapporten for Herøy.

Om prosjektet

I samarbeid med Herøy næringsforum hadde Herøy kommune tidlegare i år ei minikonkurranse knytt til å kartlegge reiseliv og turistnæringa i Herøy. Selskapet som vann fram med sitt forslag om å lage ein reiselivsrapport var ZYNK. Avtalen som blei signert i midten av mars mellom ZYNK og Herøy kommune har fokus på kva som er kommunen sine fortrinn samanlikna med andre, og kva marknaden ser på som kvalitetar i Herøy. ZYNK skal utarbeide ein rapport som skal synleggjere dei gode ideane og sette målsetjingar for vidare utvikling av reiselivs- næringa i kommunen.

– Vi ynskjer å utvikle ein reiselivsrapport som kan hjelpe reiselivet i Herøy til å vidareutvikle potensialet i regionen, har ZYNK-partnar Jan Glendrange tidlegare sagt til Vestlandsnytt.

Vil ha innspel

Til møtet er naturlegvis turistnæringa i området invitert. Ole Magne Rotevatn ber også om at folk som er interesserte, og har gode idear, om å kome innom møtet. Han håpar spesielt at næringslivsaktørar tek turen då dei spelar ei viktig rolle i heile puslespelet.

– Etter presentasjonen med ZYNK har vi lyst til at dei frammøtte kan skape ein god diskusjon kring reiseliv og turisme i vårt område. Det blir ei fin moglegheit for folk å kome med innspel på eventuelle grep som må gjerast i kommunen, forklarar Rotevatn.

Han forklarar at det no er viktig å bli einige om ei felles retning når det kjem til turisme og reiseliv.

– Skal Herøy vere konkurransedyktige i regionen må vi finne vår posisjon i marknaden og dyrke den. Denne rapporten skal hjelpe oss med det, og den blir ikkje betre enn det vi gjer den til. Derfor håpar eg fleire vil vere med på møtet, avsluttar Rotevatn.

Han håpar møtet vil munne ut i felles semje om Herøy sin posisjon i regionens reiselivsnæring.