Det var særleg Per Kristian Furø som etterlyste bidrag frå dei nære aktørane då formannskapet gjekk inn for å støtte flyplassen som aksjonær i det nye utviklingsforumet for Vigra lufthavn. I tillegg til aksjekapital, betyr deltaking også årlege driftstilskot til selskapet som alle kommunane er inviterte til å delta i.

– Dei som driv parkering og anna der ute tener store pengar kvart einaste år på at flyplassen blir mykje brukt. Kvifor skal ikkje også dei vere med i selskapet, undra Furø seg på.

Furø sitt syn blei hekta på som eit ekstra punkt til rådmannen si tilråding, der andre aktørar blir oppmoda om å bidra økonomisk. Derimot blei det ikkje knytta noko atterhald om at også dei andre kommunane må vere med i selskapet.

Ole Brubakk var oppteken av at Herøy ikkje måtte gjere noko som svekkar Hovden, og fleire med han understreka at deltaking i Vigra-forumet ikkje må oppfattast som noko nedtoning av Hovden lufthamn.