Vi treffer danselærar Aina J. Eliassen midt mellom øving, rigging og alskens førebuing, ein fredag kveld på Herøy kulturhus.

– No vert det ikkje stopp før neste laurdag (26. mai, red. anm.) klokka ti om kvelden. Men det er fantastisk kjekt, smiler ho.

Ho gjer sjølvsagt ikkje alt åleine. Danselærar (og Aina sin elev), Karoline Sivertsen er berre ikkje til stades akkurat no.

– Og så har vi med ein tredje danselærar i år, Helena Lied Knutsen. Ho stiller med to dansegrupper, seier Aina.

Heimvend gjestedansar

Som namnet tilseier, er det femte år Glee’orious går av stabelen på Herøy kulturhus. Kvart år har arrangørane samarbeidd med ulike profesjonelle gjesteartistar.

– Men i år er første gong vi har med ein gjestedansar, seier Aina.

Den utflytta herøyværingen Birgitte Nerland kjem nemleg heim – med ti av sine danseelevar frå Gloppen kulturskule.

– Birgitte var faktisk eleven min då eg byrja her i 1998. Då var ho 14 år gammal, seier Aina.

I ei melding skriv Birgitte:

– Kulturskulen var heilt avgjerande for korleis eg er som lærar i dag. Eg vil at mine elevar skal få same oppleving.

Birgitte er i dag danselærar for 140 elevar ved Gloppen kulturskule. Dei ti som skal opptre i Herøy er dei eldste.

– Vi dansar mest jazz og klassisk, men du veit – når fantasien vil ut, kjem det mykje rart, gjerne ein miks av alt, skriv Birgitte.

Tiåringar på scena

Glee’orious har tradisjonelt vore ein produksjon for musikkskulen sine eldste danseelevar. Men ...

– I år har vi også med ei gruppe dansarar i tiårsalderen. Dei har vore veldig gira på å få vere med, og det var det første dei spurde om då skuleåret starta, seier Aina, og ler;

– Eg har prøvd å forklare dei at dette er ein veldig stor produksjon med høgt tempo, men eg er ikkje sikker på om dei forstår. Heldigvis er der mange vaksne dansarar som passar på dei.

Mange gjesteartistar

Up tempo-rytmar og lystige tonar trengjer gjennom veggen, og inn i det vesle kulturskule-kontoret. Vi dreg kjensel på songstemma til Emma Sævik, som snart har fullført sitt første år på musikklinja ved Volda vidaregåande skule. Ho og fire andre elevar i klassa har danna bandet «Ufokusert».

(Saka held fram under bildet)

«Ufokusert»: Det Volda-basert bandet ser fram til å spele i Herøy. Her ser vi gitarist Henrik Stave, bassist Marius Osberg og vokalist Emma Sævik under ei øving fredag kveld. Foto: Josefine Spiro

Vi tek oss ein tur inn i øvingsrommet.

– Vi covrar låten «Girls» av Nineteen Seventy Five», seier Emma.

Ho er sjølv danseelev ved kulturskulen og kjem til vere på scena i mange nummer. Det er elles inga nyheit at ho også syng, men stort sett har ho opptredd åleine.

– Det er veldig gøy å synge med band. Stemninga vert på ein måte betre. Eg gler meg veldig, seier ho.

I tillegg til Ufokusert, har showet mage lokale gjesteartistar: song- og musikkelevar ved Herøy kulturskule.

– Vi har også med eit band beståande av både kulturskulelærarar og elevar, seier Aina.

Dessutan skal Bergsøy skulekorps si drillgruppe vere med.

Lengre show

Med to ekstra dansegrupper, ei drillgruppe og ei rekkje gjesteartistar, har det vore vanskeleg å avgrense lengda på showet.

– Årets førestilling er lenger enn alle dei andre Glee’orious-showa, men eg har ikkje greidd å seie nei, for alle er så flinke, og det vert så bra. Det betyr at pausen mellom showa vert kortare og meir hektisk, men det overlever vi.

– No er det viktig at folk kjem og støttar desse ungdomane, for dei har verkeleg jobba hardt, seier Aina Eliassen.

Under kan du sjå noko av det dansarane i Glee'orious har gjort tidlegare.