Politiet i Møre og Romsdal melde Måndag om ein bustadbrann på Jøsok. Alle bebuarane ska ha vore ute av huset.

Eit vitne fortel til Vestlandsnytt at huset er heilt nedbrent. Berre grunnmuren står att.

Møre og Romsdal 110-sentral fortel at mannskap frå Herøy og Sande brannvesen er på staden.

Det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg, opplyser Sindre Kongshaug til Sunnmørsposten.

Har du informasjon. Send det gjerne til oss på redaksjon@vestlandsnytt.no.