Herøy formannskap vil verken legge ned Myrvåg brannstasjon eller at Moltu-elevane skal flyttast til Stokksund.

Det kom klart fram då formannskapet tysdag ettermiddag hadde administrasjonen sine mange innsparingsforslag oppe til behandling og kom med si tilråding overfor kommunestyret på korleis drifta skal takast ned med ti millionar kroner.

Kjell Runde sa tidleg ifrå om kva han meinte om dei to føreslegne nedleggingane.

– Dette vil vere rein galskap, slo Runde fast.

Fort blei det klart at denne måten å spare pengar på heller ikkje var noko dei andre i formannskapet hadde sansen for.

Som ordførar Arnulf Goksøyr streka under, er ein nøydd til å ha brannbil lokalisert der folk bur. For han var inste Jøsok like viktig som Kvalsvika i ein slik samanheng.

– Det er relativt lite pengar vi snakkar om, og dette finn eg meg ikkje i, sa Goksøyr som også er beredskapsleiar i kommunen.

Ser mulegheiter

I staden for å legge ned brannstasjonen, ser formannskapet mulegheiter for Myrvåg i eit regionalt samarbeid om brannvern, med til dømes overordna vakt og felles brannsjef.

Her blei det mellom anna vist til samarbeidsavtalen som Herøy og Vanylven har inngått på brann, og som det er ønskjeleg at fleire kommunar kan vere med på. I den samanheng kunne kommunalsjef Jarl Martin Møller, som har tilrådd nedlegginga i Myrvåg, opplyse at det også blir diskutert eit større samarbeid med Ulstein og Hareid på brann, men at ein ønskjer at også Sande kan vere med.

– Sande er invitert, men dei er enda ikkje klare, sa Møller.

Han kunne opplyse at eit møte som var planlagt med Sande denne veka måtte avlysast av same årsak.

For mykje usikkert

Når det gjeld lagnaden til Moltu skule var det fyrst og fremst usikkerheita rundt elevtalsutviklinga, og dermed også Stokksund skule sine mulegheiter til å ta imot Moltu-elevane utan bygningsmessige tiltak, som blei avgjerande for at formannskapet vil oppretthalde skulen på Moltu.

Her blei Camilla Storøy ei einsleg svale då ho av det ho kalla samvitsmessige årsaker fann å måtte gå for administrasjonen si tilråding om flytting av Moltu-elevane.

– Dette gjer eg fordi alternativet kjem til å gå ut over alle andre elevar i Herøy-skulen, og det har eg ikkje samvit til, forklarte Storøy.

Ikkje rettferdig fordelt

Formannskapet støtta også eit forslag frå oppvekstkomiteen, der det blir bede om at samanlikningstala mellom kommunane (KOSTRA) må takast med i vurderinga av innsparingstiltaka. Bakgrunnen forklarte Per Kristian Furø med å vise til at Herøy allereie ligg under alle samanliknbare kommunar når det gjeld kostnader til grunn- skuledrifta.

– Skal ein sjå på kva som er rettferdig, bør andre sektorar enn oppvekst ta ein større andel av innsparingstiltaka, meinte Furø som sjølv sit i opp- vekstkomiteen.

Kan kome endringar

Sjølv om formannskapet no har sagt sitt om innsparingsforslaga, og har slutta seg til det meste som administrasjonen har lagt fram, må ein ikkje sjå bort frå at det kan kome endringar når saka skal til kommunestyret for endeleg vedtak.

Svein Gjelseth signaliserte i alle fall for sin eigen del eit sterkt behov for å ta ei grundigare drøfting av dei ulike forslaga med Arbeiderpartiet si gruppe. Difor ville han ikkje garantere at utfallet i kommunestyret ville kome til å bli heilt det same som i formannskapet.

– Dette er smertelege tiltak, og eg kan godt forstå at ikkje alle kjenner seg helt klare, kommenterte ordføraren før han sette punktum for saka.

NEI TIL NEDLEGGING: Formannskapet vil ikkje legge ned Myrvåg brannstasjon, men ser mulegheiter for å bygge Myrvåg vidare i eit regionalt samarbeid om brann. Foto: Endre Vorren
for usikkert: Formannskapet vil ikkje legge ned Moltu skule, og meiner innsparingspotensialet med flytting til Stokksund er for usikkert til at dagens elevtal åleine kan leggast til grunn.