Bortelaget Bergsøy starta kampen best og etter 5 minutts spel heada Franjo Tepuric ballen i mål etter innlegg frå høgre, men målet vart annulert for offside.  Minuttet seinare var heimelagets Henrik Almestad Hauge fri på høgrekanten men avslutninga gjekk langt til sides for mål.

Bergsøy spelte seg til nokre halvsjansar og nærast var laget i det 14. minutt etter ein corner frå høgre.  På bakre stolpe stod imidlertid Almestad Hauge og redda på streken. Litt seinare sendte Craig Stuart Rodgers av av ein susar frå langt hald, men heldigvis for LGFK gjekk ballen like over mål.

Vel midtvegs i omgangen rota Bergsøy det til i eige forsvar.  Tor-Jørgen Sætre Kleppe oppfatta situasjonen kjapt, men Bergsøys keeper fekk avklart til corner. Like før pause kom Bergsøys Martin Søvik Røren med ballen i god posisjon, men avslutninga gjekk rett på LGFK keeper Ståle Remøy Pettersen.

Første omgang var spelemessig svak og særleg var presisjonen på siste tredelen av bana dårleg hjå begge lag. To gode og godt kjempande forsvar hindra motstandarlaget i å skape dei store sjansane.

Heimelaget LGFK starta andre omgangen best og allereie i det første speleminuttet kunne kaptein Anders Vaagen gitt laget leiinga, men avslutninga frå 16 meter var for laust og Bergsøys keeper hadde god kontroll.  Deretter var det Sætre Kleppe som kom til avslutning, men skotet gjekk til sides for mål.  I det 49 speleminuttet tok Bergsøy leiinga.  Eit langt framspel frå Rogers nådde Franjo Tepuric i bakrom.  Han tok ned ballen og kjippa den over keeper Pettersen og i mål.

Spelet bølga så fram og tilbake med brukbare sjansar til begge lag.  LGFK var nær utlikning etter eit kjapt frispark, men ein Bergsøy forsvarar fekk blokkert avslutninga til corner.  Corneren frå John Oskar Hatlebrekke Rekdal var nær ved å bli skrudd i mål, men Bergsøy keeper Aasen var på plass og fekk rydda opp.  Så var det innbyttar Martin Haanes som avslutta like til sides for mål på eit fint volleyskot.

Bergsøy hadde like etter fleire store sjansar.  Først når LGFK keeper Remøy Pettersen redda ei stupheading frå Søvik Røren.  Deretter avslutta Håvard A Hundsnes med eit skot i tverrliggaren før Pijus Marcinkevicius vart spelt gjennom i midten med kjippen var for dårleg og gjekk rett på keeper.

Kampens siste mål kom på straffe like før slutt.  Franjo Tepuric vart felt og tok sjølv straffa.  Keeper Remøy Pettersen gjekk til venstre og ballen til høgre og dermed vart stillinga 0-2 til Bergsøy.

På overtid hadde heimelaget to brukbare sjansar.  Anders Vaagen avslutta rett på keeper. Karl Gerhard Bringsvor vart deretter spelt igjennom i midten men avslutninga gjekk langt over mål.

Dermed ebba kampen ut med ein fortent seier til Bergsøy.

Nøgd med innsatsen

LGFKs spelande trenar Anders Vaagen var nøgd med innsatsen som heimelaget la for dagen.

– Dette vart som venta ein tøff kamp.  Vi stod godt til Bergsøy tok leiinga 0-1 på eit litt enkelt mål.  Vi hadde fleire gode sjansar i denne kampen, men vi vart litt for oppjaga og litt for upresise i avslutningane.

Bergsøys trenar Toni Sandanger var glad for seieren og 3 poeng.

 – Vi vinn fortent, men slurva for mykje i angrep.  I tillegg var vi for inneffektive og vi skulle skora fleire mål på dei mange store sjansane vi fekk  i denne kampen.

I neste serierunde har Bergsøy heimekamp mot topplaget Emblem medan Larsnes Gursken skal møte Aafk 2 på Color Line Stadion.

Kampfakta

Larsnes/Gursken FK – Bergsøy IL    0-2 (0-0)

Mål:

  • 0-1 Franjo Tepuric (49 min)

  • 0-2 Franjo Tepuric (straffe 87 min)

Gule kort: Torgeir Skeide og Jørn Olsen (LGFK), Craig Stuart Rodgers, Espen Langlo Driveklepp og Eirik Heltne (Bergsøy)

Tilskodarar:  ca 250

Dommer:  Tor Ove Myrseth, FK Sykkylven.

Larsnes/Gursken stilte slik:  Ståle Remøy Pettersen – Henrik Almestad Hauge (Martin Haanes i 20 min),  Leiv Sindre Muren, Bjørn Vikanes, Jørn Olsen (Lukas Fjørtoft Sandanger i 2 min) – Anders Vaagen (kaptein), Andreas Brune Rekdal, Torgeir Skeide, John Oskar Hatlebrekke Rekdal – Alexander Borgund (Karl Gerhard Bringsvor i 31 min), Tor-Jørgen Sætre Kleppe

Bergsøy stilte slik:  Petter Meland Aasen – Fredrik Muren, Frank Sverre K. Skorpen, Espen Langlo Driveklepp, Craig Stuart Rodgers – Eirik Heltne,  Daniel Jøsok Kvalsvik (kaptein), Pijus Marcinkevicius (Andrius Petreikis i 8 min) - Marius Sporstøl Håvard Apelseth Hundsnes i 24 min), Franjo Tepuric (Kestutis Riekasius i 4 min), Martin Søvik Røren (Andreas Magne Mulelid Kvam i 8 min)