24 åringen har har mykje erfaring å skilte med. Han har tidlegare spelt for Valder, Aafk, Stranda, Spjelkavik, Tusculum (College), Godøy, Kvars (Sunday League). Då han spelte for Spjelkavik blei han også toppscorar to år på rad i 3.divisjon.

Nøgd trenar

- Eg er særs nøgd med å få inn Andreas og han vil tilføre laget mykje! Eg har hatt dialog med spelaren lenge og var utruleg glad då han takka ja til å spele for Bergsøy. Det er ikkje ofte vi klarer å trekke spelarar frå Ålesundsområdet til å spele for oss, så dette syner også at vi no er attraktive som klubb, seier Toni Sandanger i ei pressemelding på Bergsøy si heimeside.

Vidare omtalar Sandager Andreas som energisk, rask, løpssterk og tøff. Han trur det blir ein vanskeleg spelar å møte i trening og kamp.

- Virka som det er ting på gang

- Ein av grunnane til at eg meiner det er interessant å kome hit no er fordi det virka som det er ting på gang. Eg blei også imponert over klubben sin innsats i cupen og at Ålesund sitt A-lag blei slått her. Eg er klar for å bidra med mitt beste for laget, no skal vi prøve å hente tre poeng mot Larsnes/Gursken, seier Mulevik Kvam.

Angriparen har signert ut songen. Han har Bachelor i økonomi og prøvar for tida å finne seg jobb tilsvarande fagfelt. Kvam blir allreie å sjå på River Plate i kveld mot LGFK.