Dette vil med andre ord seie at det no er siste moglegheit å få veksle i dei gamle setlane. Dette kan du gjere i lokale bankar og utsalsstadar.

Om du gløymer deg

Men kva skjer om du har dei gamle setlane, med Kirsten Flagstad og Kristian Birkeland på liggande i lommebøker eller sparebøsser, og gløymer å bruke dei opp innan fristen?

– Etter 30. mai er bankar og utsalsstadar ikkje lenger pliktig til å ta imot de utgåtte setlane, fortel Per Ronald Knutsen, banksjef i Sparebanken Møre.

Men ikkje få panikk om du gjekk glipp av moglegheita til å veksle eller bruke opp dei kjære gamle setlane, for ...

– Norges Bank er pliktig i å veksle utgåtte setlar i ti år etter at de er tatt ut av sirkulasjon, forsikrar Knutsen.

Altså kan du enten sjekke om nærmaste bank er villig til å ta inn setlane, sjølv om de ikkje er pliktige til dette, eller levere dei utgåtte pengane til Norges Bank enten ved personleg oppmøte, eller sende dei i posten.

Eit sikkerheitstiltak

– Mange kan kanskje stille seg spørjande til kvifor ein byter ut dei gamle setlane, men dette er på grunn av sikkerheita og at setlar skal vere vanskelege på kopiere, forklarar Per Ronald Knudsen.

På dei nye setlane er der 4 tiltak som gjer dei spesielt vanskelege å forfalske. Nede til venstre på setelen eit rektangel med ein ring med eit spesielt og levande fargemønster. Til høgre er der ein ankerkjetting som er integrert i papiret som skapar illusjon av rørsle. I tillegg til dette har setlane og vassmerke som fyrst blir synlege når dei blir haldt opp mot lyset. På alle setlar er dette ein lundefugl.

50 og 500 – neste ut

Seinare i år vil vi stifte kjennskap til dei nye 50- og 500-kronesetlane, som ifølge Norges Bank har planlagt lansering i oktober. Deretter følger den nye tusenlappen etter, som skal dukke opp i løpet av fjerde kvartal i 2019.

Dette inneber at den gamle utgåva av desse setlane vil vere gyldige i eitt år etter lanseringsdatoen.

Per Ronald Knutsen : – Det heile er eit sikkerheitstiltak, forklarar banksjef Per Ronald Knutsen. arkivfoto Foto: Bjørnar Torvholm Sævik