Med denne grunngivinga kom Per Kristian Furø med forslag om å seie ja då formannskapet hadde ein søknad frå Thon Hotell Fosnavåg oppe til behandling. Hotellet har søkt om å få skjenkearealet utvida til også å omfatte arealet ved hovudinngangen mot Gerh. Voldnes veg – på permanent basis.

Frå rådmannen var saka framlagt med alternative tilrådingar etter at NAV har frårådd å gi det omsøkte løyvet. Politiet har derimot vore positive som høyringsinstans.

Formannskapet har tidlegare gitt avslag på ein tilsvarande søknad, men ville denne gongen seie ja.

Ole Brubakk og Camilla Storøy røysta imot. Sistnemnde likte ikkje tanken på skjenking så nær leikeområdet og undra seg over at det i det heile var plass til servering her.