MH Service As har fått løyve til oppføring av vegger for oppsamlingstank rundt tankanlegget i ytre Fosnavåg. Det skal byggast ein murkant rundt tankanlegget som eit sikringstiltak mot utslepp etter krav frå Miljøverndirektoratet.

Rådmannen peikar på at kommunen sjølvsagt stiller seg positiv til eit slikt sikringstiltak, men viser til at eigedomen ligg midt i Fosnavåg sentrum og er eit blikkfang for folk som kjem sjøvegen til Fosnavåg. Difor er det viktig at tiltaket får gode visuelle kvalitetar som ikkje verkar skjemmande for omgivnadene. Løyvet er difor påhefta eit krav om at kommunen skal godkjenne den estetiske utforminga av tiltaket.