Som kjent er 17. mai komande torsdag. Med omsyn til trykkefristen får vi berre plass til nokre få bilde i papiravisa fredag, men vi planlegg i tillegg ein større bildekarusell på nett (vestlandsnytt.no).

Her treng vi hjelp frå lesarane. Med 12-13 ulike nasjonaldagsfeiringar berre i vårt dekkingsområde er det umogleg for oss i redaksjonen å rekke over alt som skjer.

Vi ber difor om at det vert sendt inn bilde til e-postadressa redaksjon@vestlandsnytt.no. Dei som sender inn treng ikkje å skrive lange utgreiingar, men ein kort omtale (til bildetekst) samt namnet på fotografen.

Vi nyttar høvet tilå ynskje alle ein fin 17. mai!