Marsjen gjekk i lett skodde og litt regn.

50 starta frå Gjersvika og 55 frå Moltustranda, noko i underkant av kva som er normalt. Rapporten frå deltakarane var positiv. «Nydeleg turver», sa dei. Ofte er det litt vind over Sædalen, men i år var det heilt vindstille.

Folk kosa seg med kaffi og ein matbit, både etter halvgått løp og ved målgang.

Det vart delt ut 5-10-15-20- og 25-årsstatuettar. Det viser at folk er interesserte, og ryddar plass til å gå Sædalsmarsjen.