– Vi bur på Sunnmøre, så vi har sett boss velte, og fuglar og dyr som et av søppelet. Vi tenkte at vi kunne gjere noko med det, seier Marta Bjåstad Lakatos.

Ho og dei seks andre medarbeidarane i ungdomsbedrifta GreenLatch UB fekk ideen under ei tavle-brainstorming på starten av skuleåret. Dei sju går andre året på Service- og samferdselslinja ved Ulstein vgs., og bruker arbeidet som yrkesfagleg fordjuping.

– På skulen har vi åtte timar i veka til bruk på ungdomsbedrifta, seier Marta.

Ungdomane bruker elles mykje meir enn den tilmålte tida på gründerverksemda, og det har gitt avkasting. Etter at produktet, som hindrar søppel i å falle eller blåse ut av bossdunkar, vart lansert i midten av april, har elevane selt ut heile det første partiet på 250 krokar.

– Vi har bestilt 250 til, men snart er dei også utselde, endå vi ikkje har fått dei enno, seier Marta.

Kroken er nemleg så populær, at ungdomane har fått masse førehandsbestillingar.

– Dette er noko folk ikkje har – dei nyttar til dømes steinar for å hindre bosset i å fly, seier dagleg leiar Matias Fjørtoft frå Fosnavåg.

– Tilbakemeldingane frå dei som har kjøpt krokane går på at dei har fått noko dei ikkje visste at dei trong før dei hadde det, seier Marta.

(Saka held fram under bildet)

Kroken: Slik ser den ut. – Viss noko lurer på korleis ein festar kroken, har vi lagt ein introduksjonsvideo på Facebook-sida vår, seier Matias Fjørtoft. Foto: Josefine Spiro

Profilerer seg på nettet

Mykje av merksemda kjem takka vere aktiv marknadsføring på Facebook, Instagram og Snapchat. Den jobben står Victoria Heen for.

– Og så har eg hjelpt Jannis med å lage reklamemateriale, og eg har vore med han på fylkesmessa i Molde, seier ho.

Jannis Håvik frå Kjeldsund er produktansvarleg, og har hovudansvaret for korleis kroken skal fungere og sjå ut. Det er også han som har hatt tettast kontakt med bedrifta sine samarbeidspartnarar; Karlsberg AS i Ålesund, som har produsert kroken (produksjonen skjer i Latvia) og SSR.

Samarbeider med SSR

Matias Fjørtoft seier dei har fått god hjelp av SSR under utviklinga av kroken.

– SSR ser kva som fungerer. Difor har vi testa alle prototypane hos dei, og forbetra dei, heilt til vi kom fram til eit produkt dei ville ha. Kommunikasjonssjefen, Linn Urke Osnes, har vore mentoren vår gjennom heile prosessen, seier Matias.

Han understrekar at «Kroken» er godkjend av SSR.

– Sidan vi er ei ungdomsbedrift, kan det vere lett for folk å tenkje at vi ikkje er seriøse. Men vi er ikkje berre tilfeldige ungdomar som har laga ein krok. Vi vil verkeleg at dette skal funke, og vi bruker veldig mykje tid på bedrifta, også utanom skulen, seier han.

Tenar eigne pengar

Å drive ei ungdomsbedrift kan vere hardt, ettersom ein gjerne har lågt budsjett og lite tid til rådigheit.

– Mange ungdomsbedrifter går akkurat i null, for produksjonen kostar, og så tek det tid å selje produkta. Men vi føler at vi har treft ein «Sweet spot», der vi får selt mange produkt og har god forteneste, seier Matias.

Og det er stas å sjå krokane i bruk, synest dei.

– Eg såg fem-seks av desse krokane på ein tur inn til Volda. Då kunne eg skryte litt inni meg, smiler Matias.

– Alle naboane mine har dei. Det er veldig kjekt, seier Marta.

Personleg service

Dei kundane som bur på Sunnmøre får varene leverte på døra. Jobben byter ungdomane på, alt etter kvar krokane skal.

– Her om dagen køyrde eg ut nær 40 krokar. Eg likar å kome personleg, for då får eg nærkontakt med kundane, seier Marta.