Sist veke behandla helse- og oppvekstutvalet saka om skulestruktur. Der vart det samrøystes tilrådd å leggje ned dei to skulane, med verknad frå hausten 2019.

Dessutan var det fleirtal for to tillegg. Det eine går ut på å vurdere meir bruk av IKT-basert undervising. Det andre om det er mogleg å flytte mellomsteget frå Larsnes til Gursken.

Etter behandlinga i formannskapet er det usikkert om dei to tillegga får fleirtal i kommunestyret.

Nedlegging x 2 ligg fast

– Det som ligg fast førebels i den politiske behandlinga, er innstillinga som går ut på nedlegging av to skular frå skuleåret 2019/2020. Resten av utfallet er førebels noko uklart, kommenterer ordførar Dag Vaagen (H) etter måndagens behandling i formannskapet.

På møtet i formannskapet sette Ruth Hatlebrekke Rekdal (H) fram rådmannen si tilråding, altså utan dei to tillegga som handlar om IKT og Larsnes/Gursken.

Marion F. Bringsvor (Frp) lanserte eit nytt framlegg: Å leggje ned Gjerdsvika skule, men halde oppe Sandsøy og Kvamsøy skular. Samstundes vil ho opne for «utvida bruk av IKT» på desse to skulane. Framlegget fekk berre Bringsvor si røyst, og fall.

Frp røysta blankt

Dermed var det avrøysting om rådmannen sitt framlegg, og framlegget (med dei to tillegga) frå helse/oppvekst. Her gjekk Ruth H. Rekdal (H), Arnljot Muren (Ap) og Kari Grønnevik (Sp) inn for rådmannen sitt «reine» framlegg.

Helse- og oppvekstutvalet si tilråding (med dei to tillegga) fekk også tre røyster, signert ordførar Dag Vaagen (H), varaordførar Helge Støylen (Sande vest) og Anne Marte Beitveit (Sande vest). Formelt sett vart difor dette innstillinga, med ordføraren si dobbeltrøyst.

Marion F. Bringsvor (Frp) røysta blankt i denne saka.

Ordførar Dag Vaagen seier dette med «blank røyst» nok ikkje er vanleg kost i formannskapet, men slår uansett fast at det er kommunestyret som skal avgjere saka.

Slik vi skjønar det har det også kome tal på bordet som tilseier at det er «plass nok» i Gursken til å huse mellomsteget også frå Larsnes. Men om ei vurdering om å sende mellomskuleelevar frå Larsnes til Gursken, kjem med i det endelege vedtaket frå kommunestyret, verkar i dag noko usikkert.