– Dette synest eg er ei inmari rimeleg husleige, sa Svein Gjelseth om prisen som er framforhandla med Furene As som ny leigetakar i kommunen sitt utleigebygg i Dragsund.

Det var fleire enn han som reagerte på prisen, og som meinte ein burde prøve å få aksept for noko meir. Per Kristian Furø ville minne om at det hadde kosta kommunen 13 mill. kroner å kjøpe bygget.

– Vi har også hatt utgifter på det sidan, men her skal dei ikkje betale meir i året for ein kontorplass enn det som er vanleg månadsleige, sa han.

– Men alternativet kan vere at huset blir ståande tomt, påpeika Camilla Storøy.

For kontorareal har Furene tilbode seg å betale 500 kroner pr. kvadratmeter i året, og 275 kroner for produksjonsarealet.

Tar store kostnader

Rådmannen forklarte husleiga med det store arealet som Furene skal leige, den lange leigetida og at Furene skal ta storparten av kostnadene med å tilrettelegge lokala.

– Meiner formannskapet det er for billeg, er dette signal vi må ta med oss når avtalen skal landast.