Historia startar tilbake i mars med ein annonse i Vestlandsnytt. «Knivmakarkurs» stod det, med blokkbokstavar. Annonsen vekte ikkje større oppsikt og oppmøtet på kurset vart labert, men pirra interessa nok hjå underteikna til å ta turen innom. Før vi visste ordet av det var eg sjølv og Johannes Kvalsvik godt i gang med å emne på kvar vår kniv.

Læremeister med auge for faget

Handverkar og lærar Ole Arvid Vesterdal, opphavleg frå Tokke, var mannen bak initiativet. Ein mann som blir rekna for å vere ein av landets beste treskjerarar og knivmakarar. Vesterdal si interesse for treskjering starta allereie som ung gut, og då han vart gammal nok, var det ikkje vanskeleg å velje utdanning.

– Eg var så heldig at eg kom inn på ein treskjerarskule på Dovre. Der gjekk eg i tre år og tok sveinebrev i faget. Då eg gjekk ut i 1989, var vi rundt 20 som tok sveinebrevet. Det er vel ikkje så mange som har tatt det etter oss, seier han.

Tidlegare har han halde fleire kurs rundt om i landet og er prislønt for sine knivar. På dagtid underviser han elevar ved bygg- og anleggsteknikk ved Herøy VGS og på kveldstid går mykje tid med i snekkarbua der kan lagar alt ifrå knivar til dei vakraste møblement og treskjeringar. Det kan som ein interessant kuriositet nemnast at vedkomande også har laga bunadskniv til ein kongeleg, utan at Vesterdal vil røpe meir om kven dette er.

Vil skape eit miljø

– Eg har lenge tenkt på å skape litt meir interesse rundt knivmakar-kunsten her på Sunnmøre. Over heile landet har ein knivmakar-tradisjonar. Det er faktisk svært populært. Men her ute på øyane står ikkje kunsten like sterkt. Det er eigentleg litt rart med tanke på kor viktig kniven er som reiskap i den maritime kulturen her ute. Derfor vil eg kurse og skape eit miljø for interesserte, forklarar Vesterdal.

Og interessa kan vel erklærast som sådd i Herøy. For etter fleire kveldar med spikking, sying av slire, sveising av sølv, utskjering, pussing og kvessing, er konklusjonen blant både tidlegare kurselevar og noverande at dette er noko som bør forankrast og halde fram.

Startar knivklubb

Dei som har gått på knivkurset til Ole Arvid og han sjølv har no gått saman om å opprette Herøy knivklubb. Dette skal i fyrste omgang vere ei gruppe for folk som har lyst til å lære meir, og utveksle erfaringar om knivkunsten.

– Vi har funne ut at det er stemning for å samlast for sosiale knivøkter der vi alle kan lage knivar, diskutere og utveksle erfaringar, fortel Vesterdal.

Han fortel at det er slike klubbar over heile landet, og at det berre skulle mangle at ikkje ein slik bli skipa i området her ute.

– Slike hobbyar blir kjekkare når ein har eit miljø kring det. Det blir lettare å utvikle fantasien. Kanskje kan vi også samarbeide på ulike prosjekt, avsluttar Vesterdal.

Han oppmodar interesserte om å ta kontakt.

Klubben har også oppretta ei litt uformell diskusjonsgruppe på Facebook. Der kan ein be om å få bli medlem.