LESARINNLEGG:

Eg er frustrert for tida. Oppoverbakke og motgong atter ein gong. Vil dette nokon gong gi seg? Er det slik det er meininga det skal vere for oss som har valt og bu i distrikts-Noreg. Tenk litt over ordet valt. Eg har ikkje tal på kor mange gongar folk kjem til meg og spør : «Kvifor gidd du å bu på den øya der?». Øya det er snakk om er Sandsøya, min heimplass. Jau, eg skal fortelje deg kvifor eg bur her eg bur. Eg er fødd her, har hatt verdas beste oppvekst her, flytta vekk herifrå, angra på at eg flytta herifrå, flytta tilbake, og bur no på ein plass eg meiner er heilt framifrå!

Jo visst er der utfordringar med å bu på ein slik plass. Men dei er uvesentlege. Om eg må ta ferja for å kome meg innom land for div. avtalar og liknande, treng det berre litt planlegging. Det er ikkje noko stor sak det. Visst har Norled pissa på oss i det siste med ferjetilbodet. Gammalt skrap. Men ein får det ein betalar for, så til sjuande og sist er dette her noko som fylket bør stå til ansvar for. Eg er lei av alt peset det stakkars mannskapet på ferja får, dette er urimeleg, dei gjer so godt dei kan. Men dei kan ikkje trylle, dei heller. All ære for eit mannskap som ventar dei nødvendige to minutta når du er for sein til ferja, tek ein ekstra tur når det er krise. Slik har dei det ikkje andre plassar. Faktisk so er ferja og mannskapet ei av pluss-sidene med å bu her, sjølv om vi vil ha eit fastlandssamband. Sjølv om ferja er ei pluss-side, går vi i oppoverbakke her og.

Skule har vi. Med eit fantastisk lite og godt miljø. Makan til oppfølging kan du leite lenge etter. Her går ofte fleire klasser saman i undervisninga. Veldig samhaldskapande og lærerikt. Dette vil dei no rive vekk frå oss. Forstår politikarane kor gale dette eigentleg er? Ein kommune som går med overskot! So skal ein legge ned skular? Dette skurrar for meg. Eg las og ein artikkel i avisa, der ein kvinneleg representant i kommunestyret (som og er lærar) uttalte seg. Kommunen har eit ansvar som arbeidsgivar, sa ho. Har vi skule for å generere arbeidsplassar eller har vi dei for elevane sin del?

Viss nokon kan kome med klar statistikk på at det går ut over læringa til elevane å ha få elevar og få lærarar, so vil eg gjerne sjå den. Eg trur nok dette har motsett verknad på læringa, at den blir betre. Skulen er eit pluss med å bu her, men akkurat no er den oppoverbakken veldig bratt.

Fastlandssamband. Eit ord eg har høyrt so lenge eg kan hugse. «Når kjem sambandet?». «Har du trua på sambandet?». Alle har alltid snakka om dette, og det har vore rett rundt hjørnet i årevis. Sjølvfinansierande og greier. Positiv ordlyd det. Fint og flott, men det kjem jo framleis ikkje? Jobbar kommunen nok med dette? Nei, eg trur ikkje dei gjer det. Igjen er vi ein kommune som går med overskot, og eg meiner at då bør ein ta seg råda til ein lobbyist. Kvifor? Jo, fordi samtlege parti i kommunen har dette som ei fanesak. Då må dei sjå og gjere noko med det. Eg trur folk gladeleg betalar bompengar for å kunne sette seg i bilen og køyre gjennom tunnelen når den kjem. Eg veit iallfall at eg ville ha gjort det. Fastlandssamband er eit kjempepluss for øya, men her og, ein oppoverbakke.

Kjenner eg blir frustrert av å skrive dette innlegget, so eg må få ned nokre positive ord også. Mange spør sikkert: Kva kan vere positivt? Alt er berre elendigheit akkurat no. Nei, det er ikkje det. Vi har jo framleis øya. Den kan ingen ta frå oss, trur eg. Denne fantastiske vesle øya i havgapet. Paradis på jord som so mange kallar den. Ein turistmagnet av dei sjeldne. Og for mange: verdas beste plass å bu.

Eg har trua på denne øya!

Kaare Worren