I kveld brakar det laust med heimekamp for Larsnes/Gursken, og det er ingen ringare enn nabokommunen og Toni Sandanger sine menn dei skal i elden mot.

– Ja, slike nabooppgjer er alltid kjekke. Vi gler oss verkeleg til å måle krefter mot Bergsøy, fortel Anders Vaagen før fredagens kamp.

Ser Bergsøy som favoritt, men ...

Vaagen er ikkje redd for å seie at Bergsøy er ein soleklar favoritt framfor kampen.

– Det er inga hemmelegheit, og vi kjem ikkje vekk ifrå at Bergsøy har eit favorittstempel. Vi møter eit lag som er enormt godt trent som knivar i toppsjiktet, fortel Vaagen.

Men ...

– Det er klart vi skal gjere vårt ypparste. Vi går ikkje inn med nokon annan intensjon enn å vinne. Det blir ikkje ei reprise av det vi gjorde mot Hareid, men vi kjem ikkje til å legge oss bakpå og berre spele defensivt, forklarar Vaagen.

Han fortel at laget så langt har levert ein brukbar sesong, men at dei har vore plaga med nokre skader og sjukdom. Men, med unntak av Martin Haanes, reknar Vaagen med full tropp til kampen.

– Blir tøft

Toni Sandanger vil ikkje gjere store vurderingar av motstandarlaget.

– Larsnes/Gursken er ein tøff motstandar med eit bra potensial og eit solid toppnivå, utover det vil eg ikkje samanlikne laga vidare.

Han seier at dette blir som alle andre bortekampar og at karane på Bergsøy er klare for kamp.

Elles poengterer Toni at det er godt å ha med seg den nye supporterklubben i ryggen.

– Heilt klart, vi har fått ein ekstra spelar i ryggen. Vi merkar det generelt rundt oss at det har blitt meir blest rundt laget og vi ser støtt og stadig supporterskjorter og bergsøy-genserar i gatene.

(Saka held fram under bildet)

Toni Sandanger: Sandanger vil ikkje kome med dei store spådomane eller vurderingane av Larsnes/Gursken. Bergsøy-trenaren har for det meste berre godord om nabolaget og gler seg til kamp. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Håpar på mange folk

Anders Vaagen avsluttar med eit ynskje om at så mange som mogleg tek turen innom River Plate i kveld.

– Eg trur dette kan bli ein bra kamp. Forhåpentlegvis kjem der ein del folk på tribunane då vi møter vår sterkaste fjerdedivisjonsmotstandar så lang i år, avsluttar Vaagen.

Toni Sandanger vil ikkje kome med dei store spådomane eller vurderingane av Larsnes/Gursken. Bergsøy-trenaren har for det meste berre godord om nabolaget og gler seg til kamp. Foto: Arkivfoto/Bjørnar T. Sævik