Onsdag føremiddag kom representantar frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre på besøk til Marin Teknikk i Dragsund for å dele ut Næringsprisen 2018. Gåva frå banken var ein statuett laga av keramikar Ingeborg Rørvik Lejon, og ein sjekk på 25.000 kroner. Lokalbanken spanderte i tillegg til dette kake på dei tilsette i Marin Teknikk.

Omstillingsdyktige

I kantina fekk dei tilsette vitne at Svein Rune Gjerde tok i mot den gjeve prisen av tre representantar frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre; Sigrun Heltne Vartdal, banksjef for bedriftsmarknaden, bedriftsrådgjevar Ole Lillerovde og administrerande direktør Stig Brautaset.

– I ei svært krevjande tid har Marin Teknikk vist seg å vere ei bedrift som har klart å tilpasse seg til nye kundar og ein ny marknad. Dei har klart å ligge heilt i front med sine design, som eit uavhengig designselskap, forklarte Vartdal under overrekkinga.

Stig Brautaset kom også med nokre velvalde ord.

– Det er ikkje eit kretsmeisterskap Marin Teknikk deltek i, det er eit verdsmeisterskap. Dei konkurrerer med dei beste i verda, noko dei har klart over tid.

Han rosa bedrifta for å ha klart å tilpasse seg etter at det blei stopp innanfor olje- og gassnæringa i 2014/2015.

– Dei har no kome seg inn i marknader innanfor diamantutvinning, yacht, autonome skip og mykje anna, sa han.

Har vore hardt arbeid

– Det er stort for oss å vite at Sparebank 1 Søre Sunnmøre ser kva vi gjer, sa Svein Rune Gjerde i sin takketale.

Salsdirektør Richard Gjerde, fortel også at det varmar å få ei slik utmerking.

– Dette blir som ei bekrefting på at vi gjer ein forskjell. Det har vore ei tøff tid med mykje hardt arbeid, og derfor varmar dette. Vi jobbar hardt for å skaffe arbeid til våre tilsette, og vi kjenner også ei stor plikt til å halde jula i gang, utdjupar Gjerde.

Pengar til segl

Under overrekkinga resonnerte også Svein Rune litt kring kva pengegåva skulle brukast til.

Gjerde kom fort fram til at kanskje ein av seglbåtane som dei tilsette disponerer skulle hatt seg eit nytt segl.