Om lag 250 spelarar på 38 lag var i sving denne laurdagen. Alle lag spelte tre kampar kvar. 6- og 7-åringane spelte trear-fotball i bingar, medan 8- og 9-åringane spelte femmarfotball på bane.

Nokre spelte sin aller fyrste fotballkamp. Nokre scora sitt første mål, nokre hadde si første keeper-redning. Det vart seier og tap, men det var ikkje det viktigaste. Framfor alt såg vi mest innsats og glede over å spele fotball, glede over å vere med på eit lag.

Sunnmøre fotballkrets er ansvarleg for turneringane, men det er dei lokale klubbane som gjer jobben. Eit utruleg flott arrangement der innsatsen til fotballgruppa i Larsnes IL må seiast var topp.

Thomas Oksavik og Helge Tødenes i fotballgruppa kunne fortelje om ein formidabel innsats frå mange for at turneringa skulle gå bra. Alt frå banemannskap, banevertar, trafikksikkert opplegg for parkering, kiosksal og meir til.

Det skal litt planlegging til når seks-sju hundre folk er innom stadion i løpet av nokre timar. Vi kan til dømes ta utfordringa med å skaffe dommar til alle kampane. Emilie Kvalen hadde den jobben, og var i tillegg dommarrettleiar under kampane. Ho gjorde det på ein veldig god måte, kunne leiaren i fotballgruppa fortelje.

– Krevjande, men kjekt, sa Emilie sjølv om utfordringa.

Neste gong er det Gjerdsvika sin tur til å ha turneringa. før Bergsøy og Volda skal arrangere etter sommarferien. Mange gler seg allereie. Til å spele sin neste kamp, score sitt neste måll og redde si neste redning.

Bilda viser eigentleg mykje meir enn ord kva fotballen og denne turneringa handlar om.