STQ opplyser om samarbeidet i ei pressemelding.

– Fleire av studieretningane som blir tilbode på Herøy Vidaregåande Skule krev at elevane skal gjennom sikkerheitsopplæring før dei skal ut i arbeid etter avslutta skulegang. Vi er glade for å kunne bidra til å gi elevane denne sikkerheitsopplæringa. I tillegg til å levere kurs som elevane skal ha gjennom utdanninga si, vil STQ også tilby elevane å melde seg opp på andre kurs utanom skuletida seier Aleksander Leine, dagleg leiar i STQ AS.

STQ AS har lokale i Nørvåg, Fosnavåg. Dei tilbyr dokumentert og sertifisert sikkerheitsopplæring innan offshore, skipsfart, industri og bygg/anlegg. Nokre av kursa deira kan takast på nett, noko elevane ved Herøy VGS skal få nytte seg av, heitar det i ei pressemeldinga.

– Gjennom samarbeidet med Herøy Vidaregåande Skule leverer vi kurs til elevane som gjer at dei får auka si kompetanse og kan stille sterkare når dei skal ut i arbeidslivet, seier Leine.