– Det vart mykje styr for eit par år sidan, då russ her ute kasta folk på sjø og heiste opp nokon i ei flaggstong. Etter det har vi fått ein slags motreaksjon, seier Ida Therese Frågodt frå Larsnes.

Vi treff ho, russepresident Silje Marie Myhre Eltvik og knuteansvarleg Terese Opkvitne i ein lunsjpause på Herøy vidaregåande skule.

– Eg synest russen er blitt snillare, seier Terese.

– For snille, kjem det frå sidelinja.

Kommentaren er innskoten av ein gut – ikkje russ, etter kleda å døme.

– Ikkje noko sprell, meiner han.

Det stemmer kanskje ikkje heilt. Årets russ har vore kreative på knutefronten – men det er snakk om uskuldig moro.

– Ein av knutane er å ta bilde saman med Fiskarkona i Fosnavåg og hengje det opp i kantina, seier Terese, som har laga dei lokale knutane.

Ein annan går ut på å uføre «laserkontroll» med hårfønar.

– Då står vi på ein plass der det kjem mange bilar forbi, med gul vest og hårfønar, og så let vi som vi tek dei i fartskontroll. Vi skal gjere det denne veka, seier russepresident Silje Marie Myhre Eltvik.

Lite kull

Der er berre 16 russ ved Herøy vidaregåande skule i år. Av dei er berre fire gutar.

– Ein del av VG2-elevane (yrkesfag, red. anm.) bestemte seg for å vente til dei har fylt 18 eller til dei har meir pengar, seier presidenten.

Fleire i årets kull er dessutan lærlingar.

– Vi er ein spleisa gjeng. Viss nokon ikkje er på bil, passar vi på å inkludere dei, og seier ifrå om vi har ledig plass, seier Silje. Ho og Terese er med på ein av dei totalt to russebilane i kullet.

– Den heiter «Fyll i Blåfjell», seier dei og ler.

Herøy-russen er dessutan mykje i lag med Ulstein-russen. Der er dei 170!

Mange av dei er frå Herøy, og har gått på skule i lag med oss før, seier Silje.

Utsett for «terror»

Førre veke gjekk den såkalla «Terrorveka» av stabelen på HVS. Russen hadde laga reglar for dei andre elevane på skulen:

– Måndag var det ikkje lov å gå med sminke eller hårvoks. Tysdag måtte alle kle seg i trafikklys-fargar, og onsdag måtte alle gå med refleks, seier jentene.

Dei som ikkje følgde reglane fekk smake russen sine vasspistolar- og flasker.

Presidenten si veslesyster, Malene Myhre Eltvik (17) var ei av dei som gløymde seg, og kledde seg «feil» tysdag. Det skulle ho ikkje har gjort ...