Det var vikebladet.no som søndag melde om vanskane med å få det avtalte byggjeprosjektet i hamn. Kontrakten vart inngått i november i fjor. Det er eit 100 meter langt utforskingsfartøy som skal byggjast i samarbeid med det tyske Lürssen-konsernet.

Delt byggeprosjekt

Planen var at båten skulle byggjast og delvis utrustast ved Kleven Verft, medan siste del av utrusting og innreiing skulle gjennomførast ved Lürssen sitt Blohm+Voss-verft i Hamburg.

Overfor Vikebladet stadfestar konstituert konsernsjef Olav Tanberg i Kleven at opplysingane stemmer, og at dei tilsette før helga vart orienterte om situasjonen.

Lürssen er verdsleiande innan design og bygging av store yachtar. Då kontrakten vart inngått sa dåverande konsernsjef Ståle Rasmussen:

– Vi er stolte over å kunne offentleggjere det første resultatet av samarbeidet mellom Kleven og Lürssen.

I pressemeldinga frå november heitte det vidare:

«Med over 140 års historie i luksusyachtmarknaden, er Lürssen det desidert mest erfarne og kunnskapsrike selskapet i bransjen, og vi er stolte over at dei har valt Kleven som sin langsiktige partner for utvikling av framtidsretta, høgteknologiske fartøy. Dette første fartøyet skal blant anna ha ein stor og avansert batteripakke.»

Det vart lagt til at kombinasjonen av Lürssen sine verdsleiande design og Kleven sitt moderne og robotiserte produksjonsanlegg vil gje kundane eit kvalitetsprodukt utan like.

Verftskonsernet som fekk på plass refinansiering og nye eigarar i fjor, uttala eit håp om at dette vil bli eit fruktbart samarbeid for alle partar.

Ukjent kvifor det skjer

Overfor Vikebladet Vestposten opplyser Tanberg vidare at det ikkje er den ukjende kunden som vil trekkje seg frå prosjektet, men i staden Lürssen. Det vert ikkje opplyst kva som er årsaka vil kuvendinga.

– Vi er i dialog med Lûrssen og ser om vi klarer å kome i hamn med ei anna løysing. Vi er ikkje einige i argumentasjonen bak ønskjet om å terminere kontrakten, seier Tanberg.

Kleven har gitt beskjed til underleverandørar om å stoppe det dei eventuelt har byrja på i dette prosjektet.