Disiplinen 1-4.1 vart spela laurdag. Her vart Ole Kristian Rudshavn frå Oslo vinnar, framfor Simon Thomassen frå Alta. Jonas Hansen tok ein imponerande bronsemedalje etter å ha tapt mot gullvinnaren.

Henrik Hauge Pettersen kom på ein sterk 5. plass, medan Victoria Hauge Pettersen imponerte med 5.-plass.

Søndag vart det spela 9-ar-ball. Begge gutane spelte innleiingsvis veldig bra, og var nær pallplass, men begge enda på femteplass. Også Victoria enda på femteplass i den disiplinen.

Nok ein gong veldig bra jobba av Herøy Biljardklubb, der det er gledeleg også med kvinneleg rekruttering. Vi gratulerer unge Jonas Hansen med bronse!