Langs vestkysten er han meir spreidd og på øygruppa vår er han lite vanleg å sjå, men på våren kan vi likevel høyre den karakteristiske tromminga rundt om i terrenget. Er du heldig kan du få han på fôringsbrettet i hagen også!

Allsidig fugl

Flaggspetten klarer seg godt og spreier seg stadig til nye område. Ein av grunnane til dette er at han er svært allsidig i matvegen.

Gjennom årets varme månadar er han stort sett ein kjøttetar. Då et han mykje larvar og andre insekt som han hakkar ut frå tre og husveggar.

Sistnemnde kan raskt bli ei plage for bønder, då det kan sjå ut til at spetten føretrekker raudfarga veggar, slike som vi finn på låvar.

Ein svolten flaggspett kan også finne på å hakke seg rett inn i fuglekasser og bruke ungane der til middagsmat. Er du redd for dette kan du dekkje fuglehuset ditt med hønsenetting.

Om vinteren, når tilgangen på insekt og fugleungar er vekk, går flaggspetten over til eit kosthald beståande av frø, gjerne frå kongler. For å få frøa ut av konglene brukar han ei såkalla «spettesmie». Dette er eit hol som han set kongla fast i slik han lettare kan hakke ut frøa.

Familiefar

Om våren kan vi høyre tromming mot harde overflater som telefonstolpar og blekkplater. Dette er sannsynlegvis flaggspetten som prøvar å lokke til seg ein make.

Denne trommevirvelen er den raskaste hjå alle spettene og ligg på 10–15 slag/sekund. Både mor og far arbeider med å hakke ut eit reirhol i ein trestamme. Hòlet blir rundt 25 cm djupt og tek rundt 2–3 veker å fullføre.

Egga vert ruga av begge kjønn i halvanna veke før dei klekker. Det er far som tek seg av det meste av ruginga og han har alltid nattskiftet. Mora kan i mellomtida finne på å starte ein familie til med ein annan spettefar.

På grunn av den korte rugetida er ungane fødde lite utvikla og er avhengige av at foreldra skaffar både mat og varme. Også no er det far som gjer mesteparten av arbeidet.

Dersom faren døyr gjer også heile ungekullet det, men dersom mora døyr klarer ofte faren å fostre opp ungane åleine.

Spettesmie: Denne flaggspetten har kilt fast ei kongle i eit tre for å få ut frøa. Hòlet vert kalla ei spettesmie. Denne spetten har ein raud flekk i nakken og derav kan vi sjå at det er ein hannfugl. Foto: Johnny Larsen