Helse- og oppvekstutvalet fordelte på førre møte, utan nokon form for diskusjon, årets pott. Song og musikk; Gursken skulekorps får 20.783 kroner, HML Varden 9.497 kroner. Andre korps i Sande er ikkje inne med søknad i 2018.

Vidare får Ytre Gurskøen Ten Sing 6.569 kroner, medan 8.571 kroner går til barnekoret Småtroll.

I tillegg er Tareholmen 4H sett opp med ei tildeling på 7.160 kroner. Verken NaKuHel eller Fredtun er tilgodesett med midlar. I tillegg får alle som er innstilte med tilskot, 800 kroner kvar av ein restsum.

UItanom det har Tareholmen 4H inne ein søknad om 10.000 kr i støtte til årets fylkesleir for 4H, men rådmannen syner til at det ikkje kan gjevast støtte til enkelttiltak. Likevel kjem 5.160 kr av den samla summen til Tareholmen frå potten «andre kulturføremål».

61.380 kroner skal fordelast mellom dei seks idrettslaga i kommunen. Sande idrettsråd skal stå for denne fordelinga.