– Dette er eitt av fleire tilfelle der rådmannen ikkje lyttar til politiske signal og rettar seg etter oppdrag frå kommunestyret, hevdar Kvalsvik.

Denne gongen dreiar det seg om forskottering av gang- og sykkelveg langs fylkesvegen mellom Djupvika og Nykrem. Sidan gang- og sykkelvegar ikkje er MÅ-tiltak, ser Kvalsvik små mulegheiter for prosjektet i den fylkeskommunale prioriteringa – sjølv om det ligg inne med løyving i 2020-2021.

Samla kommunestyre

Dette var bakgrunnen for at Kvalsvik fekk kommunestyret med på å starte regulering av prosjektet, søkje kommunal forskottering og få prosjektet inn på økonomiplanen 2019-2022. Det var i februar i år, og sidan då har Kvalsvik venta på at noko skulle skje.

– Eit samla kommunestyre støtta forslaget mitt, og difor er det meir enn merkeleg at rådmannen no vender tommelen ned, seier Kvalsvik.

Vegvesenet må regulere

Til dagens møte i formannskapet ligg det nemleg ei tilråding frå rådmannen om ikkje å gå vidare med forskotteringssaka. Rådmannen har av ulike årsaker kome til at det er Statens vegvesen som sjølv må ta seg av reguleringa, og at arbeidet må få si framdrift i samsvar med planane i fylket sitt investeringsprogram.

Rådmannen meiner også det blir feil av kommunen å forskottere eit prosjekt som ikkje er med i kommunen sin trafikktryggingsplan. Dessutan har kommunen ikkje kapasitet til å gjennomføre dette reguleringsarbeidet no, påpeikar rådmannen i saksutgreiinga til formannskapet.

Ein skuffa Bjarne Kvalsvik må no innsjå at toget er gått for å få søknaden om forskottering opp i fylkestinget før sommarferien. Ja frå fylkestinget ville ha medført tidleg oppstart av eit trafikktryggingsprosjekt både han og kommunestyret meiner det er stort behov for.

– Då hadde saka vore inne på eit godt spor, seier Kvalsvik.

Kvalsvik viser til at tanken med forslaget var å ha eit prosjekt å fylgje opp den gode trenden etter Frøystadtoppen og Skarabakken. Begge desse tiltaka let seg realisere gjennom kommunal forskottering, og Kvalsvik håpte det same kunne gjerast med gang- og sykkelvegen Djupvika-Nykrem.