Fredag 25. mai brakar det laust med ein storslått folkefest på Moltustranda. Festivalen varer heile helga.

Sidan 2013

Det var i 2013 at ideen om å arrangere ein festival på Moltustranda vart sett ut i livet. Tanken var å skape ein felles dugnad for dei ulike laga i bygda der mosjon og folkehelse står i fokus. Idrettslaget, som tok initiativet, fekk positiv respons frå dei andre laga, og arbeidet med å realisere planane vart sett i gang. Allereie same året vart Moltustranda Mosjonsfestival arrangert for første gong. Kvart år sidan har festivalen vorte arrangert, og tidspunktet er siste helga i mai.

Eit av måla med festivalen er å samle bygdefolket og slik bidra til eit levande bygdesamfunn.

Arrangørane er opptekne av å skape engasjement i bygda. Erfaringane viser at her er ei sterk dugnadsånd, og alle bidreg på sin måte. Folk i alle aldrar stiller opp for bygda si og hjelper til med arrangementet.

Aktivitetar

Arrangørane ser det som viktig å skape eit program som er tilrettelagt for alle – både med tanke på mosjon og på underhaldning. Alle dagane er det opne buer med sal av mat og drikke. Laurdag kan ein også få kjøpe seg ymse sportsutstyr.

Det heile startar fredag med offisiell opning av festivalen. Deretter ventar «Moltumila». Dette er ein turmarsj/løp som har både trimklasse og konkurranseklasse. Dei som deltek i trimklassa, kan velje mellom å gå/springe 5 km eller 10 km. Distansen i konkurranseklassa er 10 km. Barna kan delta på «Mini-mila» der Barnas Turlag står som arrangør. Fredagskvelden blir det familiequiz i festivalteltet.

Laurdag blir det gratis frukost for alle som møter opp. Utover dagen vert det innslag av lokale aktørar i festivalteltet. Det er også tilrettelagt for mange leikar og aktivitetar for barna. Verdt å få med seg er også trylleshowet med Tito og Aurora, som mellom anna er kjende frå «Norske talenter».

Når det gjeld mosjon, er hovudinnslaget denne dagen motbakkeløpet til Hidsegga. Her er det både trimklasser og konkurranseklasser. Starten er ved festivalteltet for dei som er med på full distanse, men her er kortare løyper for dei som ønskjer det. Målet er toppen av Hidsegga, 556 meter over havet. Første delen av løypa går på asfaltert veg, så grusveg og resten i merka løype i stigningane opp mot toppen på Hidsegga. For dei som ynskjer det, vert det eit mini-motbakkeløp nede i bygda. Dagen vert avslutta med svingom i festivalteltet. I år er det «Livin West» som spelar opp til dans. Her vert det eit godt høve til å løyse opp stiv muskulatur etter motbakkeløpet, og det til flott dansemusikk.

Søndagen startar med søndagsskulen si avslutning for vårhalvåret. Mosjonsdelen på søndag er sykkelrittet «Tour de Moltu». Her er både trim- og konkurranseklasser, familie-tour og trehjulssykkelløp for dei minste. Søndagens høgdepunkt for mange kan vere fotballkampen mellom Moltu og Bergsøy gutelag anno 1983. På fjorårets festival, vann Moltu over Bergsøy etter straffesparkkonkurranse. Reknar med Bergsøy er ute etter revansje. Kven som vinn i år blir spennande å sjå!

Festivalhelga vert avslutta søndag med ein god middag på Moltustranda grendahus. Elles er der sal av mat kvar dag på festivalområdet ved COOP-Marked Moltu.

Arrangørane og alle dei frivillige står klare og satsar på ei triveleg helg med kjekt sosialt samvær, mosjon og god underhaldning. Alle saman er hjarteleg velkomne – kom du også!