Skøyteleidninga på golvet er okkupert av tre stikkontaktar, festa i kvar sin lampe. Under dei finn vi luper over stødige hender, fargerike trådar og ullstoff av høg kvalitet. På eit bord i hjørnet: to symaskiner, kjøpt av felleskassa.

Vi tel i alt 11 damer i den vesle bedehuskjellaren på Bø. Dei møtast kvar tysdag.

Sidan Bunadsgruppa i Bø vart skipa i februar 2012, har den halde ein medlemsmasse på 10–15 damer.

Det heile byrja med Nancy R. Bøe for snart 20 år sidan.

– Eg var om lag 25 år gammal og mangla bunad. Eg hadde ikkje råd til å kjøpe ein ny, så eg broderte ein sjølv. Arbeidet med å montere den leigde eg folk til, seier Nancy.

Ho smiler ved minnet. Sidan den gongen har ho brodert to bunadar til, og no går arbeidet mykje fortare.

I 2012 tok Nancy og Anne Kari Notøy initiativ til å starte ein bunadsklubb.

– Vi la lappar i postkassane til folk, og det viste seg at interessa var stor, seier Anne Kari.

Dei to damene viser oss klubbens loggbok. På første side les vi:

«Nancy R. Bø ha lyst til å ha nokon å brodere bunad i lag med, og Anne Kari ville lære frå seg bunadmontering. Så då prøvde vi å samle saman litt tråd galne damer!».

Vestlandsnytt vitjar Bunadsklubben på sesongens siste samling. Der har vore mykje trykk den siste tida, før konfirmasjonar og 17. mai.

– Nokre av oss tek på seg oppdrag privat, men dette er ikkje noko føretak. Vi driv ei vanleg foreining, der vi kjem saman for ei felles, hyggeleg arbeidsøkt. Og så hjelper vi kvarandre. Her lærer vi å brodere, montere med symaskin, og så syr vi skaut og skjorte, seier Anne Kari.

– Men dei som har montert byrjar å bli gamle. Vi vil gjerne ha fleire yngre med i klubben – og yngre er eigentleg alle under 65 år, ler Nancy.

Dei to veit dessutan at der er mange dyktige syersker rundt omkring på bygdene.

– Dei er også hjarteleg velkomne i klubben. Vi vil gjerne ha med fleire som kan hjelpe oss å lære opp nye, seier Nancy.

Ifølgje Norsk institutt for bunad og folkedrakt vart den tidlegaste interessa for folkedraktskikken i Noreg vekt på midten av 1700-talet. Ein byrja å dokumentere draktene i samband med kartlegging av bondestanden sine næringsvegar. Men folkedraktene gjekk mange stadar ut av bruk då den industrielle revolusjonen gjorde sitt inntog på midten av 1800-talet.

Då Nasjonalromantikken vaks fram på 1840-talet vart elles bondekulturen sett på som verdifull, og folkedraktene vart ei populær motivkjelde for kunstnarar. Etter kvart uttrykte også folk nasjonalkjensle i desse draktene, og dei fekk nemninga «Nasjonaldrakter».

Rundt 1900 fekk bunaden (eit nyord innført kring den tida) dessutan ei djupare meining. Norskdomsrørsla, som ivra for det norske, og som var imot unionen mot Sverige, ville gjenskape den gamle bondekulturen. Dei ville føre folkekulturen tilbake til bygdene i forbetra versjon. Bunaden vart dermed eit viktig element i den kulturpolitiske kampen. Gamle folkedrakter vart tekne opp igjen, men det vart også laga nye, som inneheldt element frå dei gamle.

I dag er bunaden først og fremst ein nasjonal festdrakt.

For Anne Kari og mange av dei andre damene i Bunadsklubben handlar ikkje samlingane i bedehuskjellaren berre om sosial hygge og hobbyverksemd. Dei er oppriktig opptekne av å ta vare på tradisjonen med å sy bunadar sjølve, og å vidareføre kunnskapen til neste generasjon.

– Vi ser at bunadar vert sydde i utlandet, men bunadane høyrer til vår felles kulturarv, som også er vår identitet. Eg ønskjer at «eg sjølv eller nokon eg kjenner skal lage min bunad». Den tradisjonen må vi verne om, seier Anne Kari.

Bunadsklubben har medlemer frå heile Herøy og litt til, skal vi tru Nancy og Anne Kari.

– Då må det no ha noko føre seg. Det kjennest utruleg at vi har halde på i over seks år, seier Anne Kari.

Dei tek sikte på å gå i gang med ein ny sesong til hausten.