Fyrste av tretten batteriferjer er døypt

Den fyrste av tretten batteriferjer som Havyard skal bygge for Fjord 1 blei måndag døypt i Leirvik.
Nyhende

I ei pressemelding skriv Havyard at ferja er den fyrste av fleire batteri-ferjer som skal byggast til Fjord 1 ved Havyard Ship Technology i Leirvik. Ferja har også autocross, eit system for automatisk fjordkryssing. Det er levert og utvikla av Norwegian Control Systems.

MF Hausvik skal gå i Hordaland ved ferjesambandet Husavik–Sandvikvåg (Austevoll Kommune og Fitjar Kommune).

– Godt å vere i gang

Den fyrste av tretten ferjer blei døypt i dag ved verftet i Leirvik i Sogn. Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun var Gudmor.

Representantar frå Fjord1 og tilsette ved verftet var til stades. Etter dåpen var det opent skip for alle som ville sjå nærare på ferja.

– Det har blitt ei flott ferje og vi er godt fornøgd med resultatet, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

– Det er godt å vere i gang, seier Lasse Stokkeland, dagleg leiar ved Havyard Ship Technology

– Det har vore tøff konkurranse rundt kontraktane og at vår fyrste batteri-ferje er døypt og straks klar for overlevering er veldig motiverande. No er det full fokus på å levere alle dei andre ferjene også på tid, budsjett og med same gode kvalitet, held han fram.