– Eg får nesten klump i halsen berre av å prate om det. Det var ufatteleg rørande og formidabelt det som skjedde i Volda denne helga.

Det fortel Guri Aasen, som saman med fleire Herøyværingar tok turen til Volda fredag for å vere med på ei historisk hending. Ei hending som vekte stor oppsikt også i nasjonal presse. I Volda tok nemleg fleire tusen til gatene for å feire kjærleiken og at folk skal vere stolte uansett seksuell legning. Dette var landets fyrste bygdepride-parade.

– Noko av det som gjorde dette sterkt var å sjå mangfaldet som var representert. Folk i alle aldrar, familiar, venner og studentar. Alle var der for å vise verdisyn kring likeverd og menneskeverd. Vi feira at kjærleik er kjærleik, fortel Aasen.

«Pride» handlar om at folk bør vere stole av si seksuelle orientering og sin identitet.

– Fleire høgdepunkt

Ein annan som tok til gatene med regnbogeflagg og banner, var Olav Myklebust frå Gursken. Han har lenge vore open om si legning som homofil og representerer Åpen Folkekirke.

– Det var utruleg varmande å sjå alle folka som var der. For meg var det fleire høgdepunkt denne helga, fortel Myklebust.

Likevel trekker han fram avslutningskonserten i Volda kyrkje som eit viktig augeblikk for han personleg.

– Eg synest kyrkja har kome ein lang veg. For meg som kristen er det godt å få ei bekrefting på at ein er velkommen inn i kyrkja akkurat som ein er, fortel Myklebust, som lenge har kjempa for akkurat dette.

Positivt overraska

Myklebust fortel vidare at det var vanskeleg i tida før han opna opp om si legning.

– Eg vurderte faktisk sjølv om eg burde kome meg vekk frå bygda før eg kom ut av skapet. Men etter at eg opna opp, vart eg positivt overraska over kor stor aksept eg møtte på bygda. Dette viser at vi i dei siste åra har kome langt når det kjem til aksept, fortel han stolt.

Olav håpar at bygdepride har vore med på å vise folk som endå er redde for å stå fram som homofile at dei ikkje har noko å frykte på bygda.

– Eg har opplevt varme og aksept for den eg er og håpar at denne paraden kan gjere det lettare for folk å kome ut, sjølv i eit lite lokalsamfunn. Eg må seie eg er positivt overraska over den store støtta som var kring arrangementet, avsluttar Myklebust.