Turen starta frå moloen på Kopperstad. I alt var det 16 personar som møtte opp for å delta på Explore Fosnavåg sin fyrste guida tur. Båten Lophelia frakta desse 16 til Skorpa.

– Med tanke på vêret må eg seie at vi er nøgde med at så mange møtte opp, seier leiar i Explore Fosnavåg, Marvin Kopperstad.

Tur med lokalhistorie

Etter å ha navigert seg inn til land, noko som kan seiast å vere for den litt vidarekomne båtførar, gjekk turen vidare frå den fråflytta husklynga nede ved sjøen til toppen på øya, Keipen. På veg opp dei 431 høgdemetrane hadde også turfølgjet med seg den lokale historieforteljaren, Guri Aasen. Under turen fortalde ho om skorpa. Ei historie som blei fortalt, var ei unik forteljing om då ei dame med namn Pernille stansa engelske soldatar på røvartokt på Skorpa under Napoleonskrigen.

Både Aasen og Kopperstad trivast med å samarbeide, og dei kan tenke seg å halde fram med å spele på lag.

– Kjempetur

– Det var litt regnvêr og skodda var tjukk til tider, noko som gjorde sightseeingforholda mindre enn optimale, men samstundes var det litt trolsk stemning. Uavhengig var tilbakemeldingane på turen i alle fall positive. Vårt inntrykk, basert på tilbakemeldingane vi har fått, er i alle fall at dette var ein kjempetur, fortel Kopperstad nøgd.

At verforholda streta i mot er ikkje noko Marvin ser på som noko vidare trussel for dei tilboda som Explore Fosnavåg tek sikte på framover.

– Så lenge det er forsvarleg kjem vi til å arrangere turar i allslags ver. At vi har litt variert ver er noko vi skal dyrke fram. Det skal ikkje stoppe oss.

Fleire planar klare

Dette var som sagt Explore Fosnavåg sin fyrste tur. Marvin kan, utan å avsløre for mykje, seie at dei har fleire planar om liknande arrangement i tida framover. Det blir truleg også fleire turar til Skorpa, forhåpentlegvis på ein solskinsdag, så dei kan få maksimalt ut av utsikta på øya.

– Vi set også pris på om folk kjem til oss og fortel kva turar dei kan tenkje seg at vi skal tilby. Vi er opne for å skreddarsy turar alt etter kva folk vil ha, forklarar Marvin.